Røde Kors uroa: – Pandemien har lagt grunnlag for varige forskjellar og utanforskap

LANGTIDSVERKNAD: – Ein kan ikkje setje sprøyter mot einsemd, overgrep og mishandling, seier generalsekretær i Røde Kors. Deira nye rapport viser at samfunnet kan slite med konsekvensane av koronapandemien i lang tid framover.

Generalsekretær i Røde Kors, Bernt Apeland, i Hasansham, Mosul.
Generalsekretær i Røde Kors, Bernt G. Apeland, er redd koronaepidemien også på sikt vil føre til eit samfunn med auka forskjellar og einsemd.
Publisert Sist oppdatert

– Det denne rapporten viser, er at me har ein stor jobb framfor oss. Dugnaden stoppar ikkje når siste vaksine er sett, seier Bernt G. Apeland, generalsekretær i Norges Røde Kors.

Han siktar til ein ny rapport organisasjonen har laga, der ein har sett på humanitære konsekvensar i kjølvatnet av koronapandemien. Apeland er spesielt uroa for langtidsverknadane det siste året og tida framover har for barn og unge.

– Ein av seks barn har opplevd vald og overgrep medan skulane var stengde. Det er eit stort omfang, og det er klart dette set spor i mange år framover, og for nokon kanskje for resten av livet.

Halvparten er einsame

Han trekkjer også fram at det å starte på vidaregåande eller studie vanlegvis er ei viktig tid for å etablere nye nettverk.

– Me ser at einsemd er noko mange unge slit med, og det er noko dei kan bera med seg i lang tid og som får konsekvensar for framtidig psykisk helse.

Den ferske årlege undersøkinga Studiebarometeret viser at halvparten av studentane kjenner seg aleine. Dessutan meiner sju av ti at dei har fått eit dårlegare læringsutbytte under korona. Dette meiner Røde Kors kan påverke kor mange som fullfører studia, men at det også vekkjer uro med tanke på at dei som fullfører mest sannsynleg må ut på ein arbeidsmarknad som er tøffare enn før pandemien.

Barnefattigdomen auka også før pandemien, dette vil me mest sannsynleg sjå endå meir av viss ein ikkje set inn tiltak.

Bernt G. Apeland

Meir barnefattigdom

– De seier at det er politikarane som må ta grep for å hindre dei langsiktige konsekvensane av korona. Kva tiltak bør setjast inn?

– Det kan vera bruk for ei sterkare skulehelseteneste i åra framover, og også eit betre tilbod til dei som slit med psykiske utfordringar. Også såg me at barnefattigdomen auka også før pandemien, dette vil me mest sannsynleg sjå endå meir av viss ein ikkje set inn tiltak. Dei som har ei låg inntekt frå før vil truleg bli ramma hardast.

– Også seier du at dugnaden ikkje er ferdig. Kva kan mannen i gata bidra med?

– Det enkle er ofte det beste. Sjå og verdset menneska rundt deg. På skulen, arbeidsplassen og i lokalmiljøet. Tilby ei samtale eller eit besøk og engasjer deg gjerne også gjennom organisasjonar som hjelper dei som har det ekstra tøft, oppmodar Apeland.

Det er kritisk for mange at fritidsaktivitetar er stengde i Oslo no, og mange blir enten isolerte heime eller trekkjer ut på gata.

Bernt G. Apeland

Forelskinga som forsvann

Og den nye rapporten viser at det er mange som har bruk for å snakke med nokon om vanskelege ting. I Røde Kors sitt samtaletilbod for unge opp til 18 år hadde dei ei dobling av samtaler om angst i 2020 samanlikna med 2019, medan temaet forelsking forsvann i delar av 2020.

Med nye innstrammingar for skular, barnehagar og fritidsaktivitetar i Oslo og truslar om nye strengare nasjonale tiltak framover, ser det heller ikkje ut til at det blir ei lette for unge med det fyrste. Apeland seier dei har vore opptekne av å ta spesielt vare på barn og unge gjennom heile pandemien.

Forsterkar forskjellar

– Spesielt er det viktig med lågterskeltilbod som er opne for alle fordi det er dei som treff dei som treng det aller mest. Det er kritisk at fritidsaktivitetar er stengde i Oslo no, og mange blir enten isolerte heime eller trekkjer ut på gata.

Rapporten viser at det er dei som allereie har det vanskelegast som blir ramma hardast av korona og potensielt også framover i tid. Blant anna har dei med lågast utdanning, dei utan jobb og innvandrarar det tøffast på arbeidsmarknaden under pandemien, noko som kan føre til ei forsterking av forskjellane i samfunnet, også i tida framover.

Powered by Labrador CMS