Reuters: Minst 50 drepne i eksplosjon i moské i Kabul
AFGHANISTAN: Fleire titals menneske er drepne og mange er såra i ein eksplosjon under fredagsbønna i Khalifa-moskeen i Kabul, ifølgje innanriksdepartementet i Afghanistan.
Ifølgje departementet er 15 såra i eksplosjonen, men lokale medium melder om langt fleire. Ifølgje innanriksdepartementet i Afghanistan er minst 10 drepne, mens Nyhetsbyrået Reuters skriv at eksplosjonen har drept over 50.
Den afghanske nettavisa Kocha siterer meldingar om over 300 såra og drepne, men understrekar at talet ikkje er stadfesta. Andre lokale medium melder at Istiklal-sjukehuset i nærleiken er overfylt og ikkje lenger kan ta imot såra.
Taliban-soldatar har sperra av området rundt sufi-moskeen og sjukehuset og journalistar får ikkje tilgang.
Det er ikkje kjent kva som var årsaka til eksplosjonen, men den ytterleggåande islamistgruppa IS har gjennomført ei rekkje bombeangrep mot sjiamuslimske mål i Afghanistan dei siste månadene.
Ifølgje ikkje stadfesta meldingar skal taket på moskeen ha rasa saman i eksplosjonen på fredag.
(©NPK/Vårt Land)