Raudt og Frp vil stanse utsending av norske soldatar til Mali

I juli vedtok Noreg å sende soldatar til Mali på hemmelegstempla grunnlag. Raudt og Frp vil stille oppdraget til sides fram til grunnlaget er debattert.

BIDRAG: Siden 1947 har over 100.000 nordmenn deltatt i internasjonale operasjoner. Her er norske FN-soldater på vei til Mali i 2019.Foto: Heiko Junge / NTB
NORSK BIDRAG: Siden 1947 har over 100.000 nordmenn deltatt i internasjonale operasjoner. Her er norske FN-soldater på vei til Mali i 2019.Foto: Heiko Junge / NTB
Publisert Sist oppdatert

Dei norske soldatane skal etter planen innlemmast i Takuba-styrken for å hjelpe maliske regjeringsstyrkar i kampen mot ytterleggåande islamistgrupper i landet.

Vedtaket skjedde sjølv om dei militære i landet få veker tidlegare hadde teke makta.

– Kravet vårt er no at det ikkje blir sendt ein einaste norsk soldat før regjeringa har gjort greie for kaoset som har oppstått, og at avgjerda om norsk deltaking i militæroperasjonen blir offentleggjord og blir debattert i full openheit, seier Raudts Seher Aydar.

Grunnlaget for vedtaket om å sende soldatar til Mali er gradert «avgrensa». Det er dette grunnlaget Raudt og Frp vil få offentleggjort. Innstillinga skal behandlast i Stortinget tysdag.

Raudt har tidlegare krevd at statsrådsprotokollen om kvifor Norge deltek i den franskleia, militære Mali-styrken blir offentleg.

Powered by Labrador CMS