Raude kommunar vedtek boikottar av israelske vestbreiddvarer
Ap-styrte Trondheim og Tromsø har vedteke lokale boikottar. LO går inn for full boikott.

Hausten 2016 fatta Trondheim bystyre eit boikottvedtak for å ramme israelske busetjingar på den okkuperte Vestbreidda: «Ulovlige bosettinger utvides, byggingen av muren fortsetter, palestinerne utsettes for daglig trakassering og møter store hindringer i sine dagligliv. Dette er en politikk Trondheim kommune ikke kan støtte opp under. Kommunen ønsker derfor å avstå fra innkjøp av varer og tjenester produsert på okkupert område.»
Ap-styrte Bodø sa nei
Ein månad seinare følgde kommunestyre i Tromsø opp og vedtok ein lokal boikott. Men Moss, Bodø, Kristiansand og Bergen sa nei.
– Ansvaret for å utøve norsk utanrikspolitikk ligg på nasjonalt nivå, sa Bodø-ordførar Ida Maria Pinnerød (Ap) då bystyret avviste kommuneboikott i 2017.
UD: Kommunale boikottar er lovleg
Etter å ha handsama spørsmålet om lokale boikottar er lovlege, konkluderte Utanriksdepartementet i fjor vår: «Kommunal anskaffelsesboikott rettet mot varer og tjenester produsert i bosettinger på okkupert område strider ikke mot Norges internasjonale forpliktelser på handelsrettens område», slo UD fast, og oppmoda lokalpolitikarar til ikkje å drive utanrikspolitikk.
Men Hamar, Lillehammer og Vaksdal har fatta boikottvedtak.
LES MEIR: LO pressar på for full boikott
LO-sjefen er motstandar
Medan folkerettsjuristane i UD arbeidde med lovlegvurderinga av kommunale boikottar, klubba LO gjennom ein full boikott av Israel, mot viljen til LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen: «Siden dialog og resolusjoner har hatt liten effekt, må det heretter arbeides for en internasjonal økonomisk, kulturell og akademisk boikott av Israel.»
Ap-leiar Jonas Gahr Støre protesterte. – Eg er mot boikott, sa den tidlegare utanriksministeren til NTB.
LES MEIR:
Oslos byråd vil boikotte israelske varer. Det gjer norske jødar redde