Palestinsk ambassadør: – Det er me som er offera
KRIG: Palestinsk ambassadør i Noreg sår tvil om israelske sivile vart drepne forrige helg. Samstundes ber ho Noreg ta initiativ til fredssamtalar, men utan Hamas.

Når ambassadør for dei palestinske sjølvstyresmaktene Marie Antoinette Sedin møter Vårt Land, har ho ei notatblokk i handa. Ho kikkar ned i den når ho under intervjuet listar opp tal. Tal på palestinarar drepne av israelske soldatar og busettarar. Tal på skadde palestinarar og tal på palestinske heimar som er jamna med jorda.
Vårt Land møter henne for å høyra korleis dei palestinske styresmaktene ser på den eskalerande valdsspiralen. Laurdag gjekk Hamas til angrep på både militære og sivile mål. Mellom dei sivile drepne var folk som var med på ein musikkfestival og bebuarar i fleire kibbutzar.
– Kva tenker du om at Hamas har drepe sivile på israelsk side?
– Me er mot drap på alle sivile. Men det er me som er offera. Det er ikkje me som starta denne krigen. Me er folket som har blitt undertrykt og diskriminert og okkupert, seier ambassadør Marie Antoinette Sedin.
Ho har tittelen ambassadør og er øvste representant for dei palestinske styresmaktene i Noreg. Noreg har ikkje anerkjent Palestina som eigen stat.
– Dette er israelsk propaganda
Det totale talet på drepne israelske sivile er førebels uklart. Ifølgje israelske styresmakter er minst 1.200 israelarar drepne, dei fleste sivile.
Redningsmannskap har funne 260 drepne etter at Hamas-soldatar angreip ein musikkfestival i ørkenen, ifølgje nyheitsbyrået AP.
Denne veka tok den israelske hæren med internasjonal presse til kibbutzar råka av Hamas sine angrep. BBC og Washington Post er mellom media som har rapportert om drap på israelske sivile.
– Eg spurte om dette med sivile på israelsk side. Eg vil at du skal dvela ved det. At Hamas drap sivile på musikkfestival, at dei gjekk inn i kibbutzar og drap folk i heimane sine. Kva tenker du om det?
– Alle videoane me ser og følgjer, viser ikkje dette. Dei viser det er motsett, seier Marie Antoinette Sedin.
– Dette er israelsk propaganda som vil ha carte blanche frå det internasjonale samfunnet for å angripa som dei vil.

Ho meiner videoar vist i internasjonale medium motbeviser at sivile israelarar vart drepne. Ho trekk fram ein video ho har sett på Twitter/X og Instagram som ei kvinne frå ein israelsk kibbutz skal ha lagt ut. Her skal kvinna ha fortalt at Hamas kom inn i heimen hennar, men at dei sa dei ikkje ville skada henne eller barna hennar.
– Me ser videoar av folk som spring. Men me ser ikkje det den israelske propagandaen seier, at dei blir drepne.
Rekordmange drepne på Vestbreidda
Marie Antoinette Sedin er kristen palestinar og vaks opp i flykningleir i Libanon. Ho er kalla opp etter ein fransk slektning.
Sedin ser ned i notatblokka. Ho tek opp fleire brotsverk som jødiske busettarar og israelske soldatar skal ha gjort mot palestinske sivile. Ho nemner det omfattande israelske angrepet på den palestinske flyktningleiren Jenin i sommar. Ho nemner talet 240, talet på menneske som er drepne på Vestbreidda berre dei siste åtte månadane.
– Eg har ikkje høyrt nokon fordømme det som skjedde i Jenin. Så mange barn som vart drepe av busettarar og soldatar. Er våre døde kroppar verdt mindre?

I tida før Hamas angreip Israel i helga, har valden i området eskalert.
Ifølgje Human Rights Watch har Israel drepe fleire palestinarar på Vestbreidda dei første ni månadane av 2023, enn noko år sidan 2005. Menneskerettsorganisasjonen har skulda den israelske regjeringa for apartheid og brotsverk mot menneskeheita.
Natt til fredag kom beskjeden frå Israel om at folk på Nord-Gaza bør dra til Sør-Gaza innan eit døgn. FN anslår at dette gjeld 1,1 millioner menneske.
FN ber på det sterkaste om at Israel trekker tilbake dette og advarer mot katastrofale tilstandar.
Vil ikkje ha Hamas på terrorliste
Intervjuet torsdag føremiddag skjer i den palestinske ambassaden i Oslo sentrum. Dei palestinske sjølvstyresmaktene er styrt av Fatah, som tidlegare har vore i væpna konflikt med Hamas. Sidan 2007 har Fatah styrt på Vestbreidda, medan Hamas har hatt kontroll på Gazastripa.
Etter Hamas sine angrep mot Israel, diskuterer no fleire land om Hamas bør terrorlistast.
Vårt Land spør kva Marie Antoinette Sedin, som representerer dei palestinske sjølvstyresmaktene, tenker om terror-listing av Hamas.
Ho svarer:
– Kan me stempla den ekstreme israelske regjeringa som terrorist-regjering?
– Eg spurte om Hamas.
– Men det er det same spørsmålet. Det er to partar på kvar si side, begge er væpna. Den eine gruppa er akseptert, den andre er ikkje akseptert. Kan me kalla den eine sida terroristar og den andre fridomskjempar? Om okkupanten er fridomskjempar, kva er då det okkuperte folket?
– Du støtter ikkje at Hamas bør listast som terrororganisasjon?
– Sjølvsagt ikkje.

Håpar på fredssamtalar
I 1993 vart Osloavtalen underteikna. Partane var Israel og Den palestinske frigjeringsorganisasjonen PLO, som Fatah er del av.
Ambassadør Marie Antoinette Sedin håpar at Noreg igjen kan spela ei rolle for fred.
– Me ønsker at Noreg igjen skal spela ei aktiv rolle. At Noreg skal få på plass forhandlingar mellom palestinske styresmakter og den israelske regjeringa. Dei må tilbake til forhandlingsbordet for å få slutt på okkupasjonen.
Ho meiner Hamas ikkje bør vere del av ei slik forhandling.
– Hamas leiar ikkje regjeringa. Hamas er ei militær gruppe av det palestinske folket.
– Du vil at Noreg skal fasilitera fredssamtalar mellom Israel og palestinarane?
– Ja, for Noreg har kapasiteten. Noreg kan overtyda andre land til å bli del av det. Åleine kan Noreg kanskje ikkje spela den same rolla som på 1990-talet.

Ho seier ønsket er kommunisert i møte med det norske utanriksdepartementet (UD).
– Om ikkje Israel blir halden ansvarleg, så vil valden eskalere på begge sider. I ein slik situasjon vil mange sivile bli råka.