Oslo-politiet: Dette banneret er ei ytring, ikkje hatkrim
SKADEVERK: Ein artikkel i Vårt Land gjer at Sian får bot etter å ha hengt opp «jihad-banner». Men handlinga blir ikkje definert som hatkrim av politiet.

Det er den islamfiendtlege organisasjonen Stop islamiseringen av Norge (Sian) som i vår hengde opp banneret med teksten «Oslo jihadsenter» på eit aktivitetssenter i Oslo.
Det er konklusjonen frå Oslo-politiet, som har etterforska saka i to omgangar.
– Sian-leiar Lars Thorsen har fått eit førelegg på 6.000 kroner for alminneleg skadeverk. Han har førebels ikkje teke stilling til bota, seier politiadvokat Marianne Aune i Oslo politidistrikt.
Klarer ikkje å bevisa hatkrim
Banneret med påskrifta «Oslo jihadsenter» vart hengt opp på ein eigedom i Groruddalen i vår. Bygget er kjøpt av den kontroversielle muslimske organisasjonen Islam Net.
Politiet har etterforska saka som mogleg hatkrim, men har ikkje klara å bevisa at skadeverket har eit slikt motiv.
Ein grunn er at Lars Thorsen ikkje har villa forklara seg, fortel Marianne Aune.
– Når han ikkje vil forklara seg, har det vore vanskeleg å fastslå kva som er motivet. Ut frå konteksten er det ikkje mogleg for politiet å føra bevis for at skadeverket har eit hatmotiv retta mot muslimar som gruppe. Banneret er eit skadeverk, men også ei ytring, seier Aune.
(…) ikkje mogleg for politiet å føra bevis for at skadeverket har eit hatmotiv retta mot muslimar som gruppe
Marianne Aune, politiadvokat
Kunne fått fengsel inntil seks år
Rett etter banneret vart hengt opp, la Sian ut eit innlegg på eiga heimeside med tittel «Jihadsenter nei takk».
I innlegget skriv Lars Thorsen at medlemmene i Islam Net er «motborgere», og tek vidare til orde for å «stenge moskeer og deportere de som Muhammed kaller gode muslimer».

I etterforskinga har politiet lese dette innlegget, og dessutan intervju Thorsen har gjort i media.
Hadde politiet landa på at banneret var i kategorien hatkrim, kunne det hamna i kategorien grovt skadeverk. Det har strafferamme bot eller fengsel inntil seks år.
– Er det ikkje litt enkelt for Thorsen å sleppa hatkrim-straff, berre ved å unngå å forklara seg?
– Dei som er sikta i ei straffesak har ikkje plikt på å lata seg avhøyre, seier Marianne Aune.
Dei som er sikta i ei straffesak har ikkje plikt på å lata seg avhøyre
Marianne Aune, politiadvokat
Intervju i Vårt Land førte til gjenopptaking
Under første runde av etterforskinga, klara ikkje politiet å finna ut kven som hengde opp banneret. Dei la bort saka i oktober.
I november tok Sian-leiaren på seg ansvaret for å ha hengd opp banneret, i eit intervju med Vårt Land. Her fortel han detaljert om korleis han og fleire andre hengde opp banneret.
Denne artikkelen var grunnen til at politiet tok opp att etterforskinga.
– Artikkelen i Vårt Land knyt Lars Thorsen direkte til skadeverket, seier Aune.
Sian-leiar vil ikkje vedta forelegget
Vårt Land har kontakta Islam Net for ein kommentar, men har ikkje fått svar.
Lars Thorsen seier til Vårt Land at han har fått førelegget, men at han ikkje vil vedta det.
– No får politiet vurdera om dei meiner saka vil halda i ein rettssal, seier Thorsen til Vårt Land.
Han seier han ikkje ville forklara seg i saka fordi han ikkje hadde tillit til politiet.
Thorsen vart i 2019 domfelt for hatefulle ytringar.