Ordet «kvinne» er ute av abortlov
JUSS: I regjeringas forslag til ny abortlov, er ordet «kvinne» erstatta med «gravide». – Uheldig og trist, meiner advokat og kvinnesaksforkjempar.

I dagens abortlov dukkar ordet «kvinne» opp 34 gonger. I forslaget til ny abortlov er ordet erstatta med «gravide». Det kjem fram i regjeringas forslag til ny lov, som vart lagt fram før helga.
I forlaget skriv Helse- og omsorgsdepartementet at rettane i lova er lagt til «gravide», som viser til alle gravide, uavhengig av deira juridiske kjønn. Dermed vil abortlova også inkludere transpersonar og ikkje-binære.
I teksten som står til lovforslaget bruker departementet pronomena «hun», «henne» og «hennes» og ordet «kvinnen». Men i sjølve lovteksten blir berre ordet «gravide» brukt. Unntaket er paragrafen om abortnemnder, som seier at to av medlemmene skal vera kvinner.
Møter motbør frå kvinnesaksforeiningar
– Det er veldig uheldig og trist. Det er eit språk som reduserer kvinna til tilstanden ho er i, seier Gunhild Vehusheia til Vårt Land.
Ho er nyvald leiar for Norsk Kvinnesaksforening (NKF) og advokat. Ho har skrive ei bok om vald og overgrep og ei juss-bok om krisesenterlova.
– Å bruka ordet «gravide» er å dekka over kven dette lovforslaget handlar om. Hovudvekta av alle som er og kjem til å bli gravide, er kvinner.

I høyringsrunden har Norsk Kvinnesaksforening, Norges Kvinnelobby og Kvinneuniversitetet i Norden vore kritiske til ei kjønnsnøytral utforming av lova. Organisasjonane meiner språkbruken kan bryta med Noregs internasjonale forpliktingar knytt opp til FNs kvinnekommisjon CEDAW.
I 2017 kom CEDAW med kritiske merknader til Noregs bruk av kjønnsnøytrale lovtekstar. Komiteen er uroa for at kjønnsnøytral lovgjeving kan føra til mangelfull vern av kvinner.
Språkendring får støtte frå Bufdir
Endringa i ordbruk er i tråd med forslaget frå regjeringas abortutval.
I høyringsrunden har Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) vore positive til ei kjønnsnøytral utforming av abortlova:
«Dette vil sikre at gravide som har juridisk kjønn som mann, og eventuelt ikke-binære dersom det innføres en tredje kjønnskategori, får tilgang til abort på lik linje med personer som har juridisk kjønn som kvinne.»
Bufdir viser til utgreiinga dei har gjort om ein tredje juridisk kjønnskategori. I rapporten frå 2023 tilrår Bufdir å endra dagens abortlov, «slik at reproduktive evner blir avgjørende for rett til abort».