Oppgitt over kvinnesyn på kristen nettstad
– Det motsette av kva kvinner treng, meiner Mai Lene Fløysvik Hæåk. – Oppbyggeleg og forfriskande, svarar redaksjonsmedlem.

«Vi kvinner skal bruke mye tid i bønn. En viktig grunn til dette er at bønn fører oss tilbake til den gode rollen som mottakere. Det lærer oss å ta imot alt godt fra Herren. Vi begynner etter hvert å forstå hvor krevende det er å være en mann og innser sakte men sikkert at det ikke er noe for oss. Vi ser at det ikke er vår oppgave å lede men å støtte, motta, følge med og gi næring.»
Dette utdraget er frå ein tekst på nettstaden foross.no, ei kristen ressursside som vart starta opp i 2015. Bak sida står seks redaksjonsmedlemmar som alle har tilknyting til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).
– Ikkje oppbyggeleg
Utdraget ovanfor er frå ein serie som vart publisert på foross.no frå juni til september i år, der dei har omsett og presentert samandrag av kapitla i ei bok av amerikanske Adriane Dorr Heins.
«Her skal alt du finner være oppbyggelig, forankret, solid og tilgjengelig», står det om nettstaden generelt. Slik oppfattar ikkje Mai Lene Fløysvik Hæåk tekstane av Heins.
– Dei er ikkje oppbyggelege, særleg ikkje for kvinner. Men ingen bør finne det oppbyggelig at kvinner berre skal vere mottakarar, meiner ho.
LES OGSÅ: – Likestilling skal ikke bare pusles med
Hæåk er sjølv medlem av NLM Ung og er aktiv i KrFU. Tekstane ho reagerer på handlar om det å vere singel og kristen.
– Viss eg hadde vore singel, så hadde eg ikkje vore veldig glad for å lese dette. Eg hadde ikkje funne det hjelpsamt, seier Hæåk.
LES MEIR: – Forstår at det er provoserande
Spissformulert
Ho trekk fram endå eit døme ho meiner er problematisk:
«Den store forskjellen mellom kvinner og menn, er at Herren kom til jord som en mann. Det er ikke sikkert at du har tenkt over dette før og det kan hende du tenker at det ikke spiller så stor rolle. Men kjønnet som Kristus kom til jord gjennom, har mye å si oss om hva det vil si å være mann og, ut fra det, massevis om hva det vil si å være kvinne.»
Øivind Ruud Kringstad, redaksjonsmedlem og prosjektleiar i foross.no, forstår ikkje kva ho siktar til.
– Det ville vore rart om kjønnet til Jesus ikkje hadde noko å seie for oss som menn og kvinner, meiner han.
LES OGSÅ: Mer religiøse med likestilling
Kringstad hugsar han reagerte første gong han las gjennom Heins' tekstar.
– Eg tenkte: Oi! Dette er ein anna måte å sjå det på. Det var forfriskande og frimodig.
Han meiner, i motsetnad til Hæåk, at tekstane er oppbyggelege men spissformulert.
– Det er ingen tvil om at dei er skrivne for eit amerikansk publikum. Forfattaren er radikal. Skulle ein norsk forfattar skrive om dei same emna, hadde nok uttrykket blitt heilt annleis, trur han.
VÅRT LAND MENER: Tid for å brøle
Skuffa
– Det er eit veldig trist svar. Eg er frykteleg skuffa over NLM viss dette er deira syn. Det er ikkje det NLM eg kjenner, seier Hæåk, som sjølv er medlem.
Ho lurer på om dette er bodskapen dei ynskjer å gi til ungdomar, og ikkje minst unge kvinner.
– Når det står i desse tekstane at kvinner ikkje kan «brøle», men må roe seg ned, då gir det mange jenter og kvinner den motsette bodskapen av det dei treng, meiner ho.
Sjølv er Hæåk ueinig i NLMs syn på tenestedeling, som seier at kvinner og menn skal ha forskjellege oppgåver og ansvarsområde. Ho forstår derimot grunngjevinga deira for det og respekterer det.
– Men det er langt derifrå til bodskapen som kjem fram i tekstane på nettstaden, meiner ho.
Legitimerer
Foross.no er ikkje drive av NLM, men Øyvind Ruud Kringstad forstår at det kan vere lett å få det inntrykket sidan alle som står bak er tilknyta organisasjonen.
LES OGSÅ: Langt fram til trosmessig likestilling
Hæåk skildrar han og resten av redaksjonen som «dyktige NLM-folk», men er svært kritisk til at dei bidreg til å legitimere tekstane på nettstaden.
– Dei har stor tyngde i NLM-miljøet. Om ein går inn på sida og vil lese om samliv og kjønnsroller, så er det fort dette som dukkar opp, seier ho.
Kringstad tykkjer ikkje det er problematisk at dei stiller seg bak bodskapen i tekstane.
– Du meiner at det synet som kjem til uttrykk der er det same som det dykk har?
– Ja, det er det. Men det er ingen tvil om at Heins spissformulerer. Ho er kjempetøff i tonen.