Ønsker transmenn velkomne i Frimurarordenen

NY LOV: Den norske frimurarordenen har sidan 2016 vore open for transmenn.

Stamhuset, Den Norske Frimuerorden.
HERREKLUBB: Frimurarordenen har rett over 14.000 medlemmer i Noreg. Medlemmene kallar kvarandre for brødre.
Publisert Sist oppdatert

– Eg kjenner ikkje til transmenn som er medlemmer. Men det er ingenting i vegen for at dei kan bli det.

Det seier Kristoffer Sandven, pressetalsmann for Den norske frimurarordenen.

Organisasjonen er ein samanslutning av nær 100 frimurarlosjar rundt om i Noreg. For å bli medlem, må ein vera mann, minst 21 år, tilrådd av tre medlemmer og vedkjenna seg den kristne tru.

I 2016 kom lova om juridisk kjønn, som gjev den enkelte rett til å endra folkeregistrert kjønn. Lovendringa gjer at Frimurarordenen har endra praksis, seier Kristoffer Sandven:

– Om ein har juridisk kjønn som mann, kan ein bli teken opp i Frimurarordenen.

Han seier at i motsett tilfelle, der ein person som er fødd mann, men endrar juridisk kjønn til kvinne, vil vedkommande måtte gå ut av ordenen.

– Det har vore ei sak i Sverige der dette har skjedd.

Aksepterer homofile medlemmer

Vårt Land har i ei større reportasje fortalt om Frimurarordenen, som lenge har vore eit omdiskutert tema i Kristen-Noreg, men som framleis har rundt 100 prestar som medlemmer.

Frimurarordenen har som formål å vera eit «selvstendig samfunn, bygget på kristen grunn og med menneskets foredling som formål».

Kristoffer Sandven seier at også homofile er velkomne som medlemmer:

– Me aksepterer homofile medlemmer. Me bruker konsekvent ordet «livsledsager» om partnarane til våre medlemmer, me seier ikkje «kone».

Ved starten av 2024 oppgjev organisasjonen å ha 14.263 medlemmer over heile landet. Snittalder ved opptak er 43 år, og snittalder for medlemsmassen totalt er 65 år.



Powered by Labrador CMS