Olufsen-Mehus: – Vi må velje mellom innvandring og bistand
KRF: Han stiller spørsmål ved innvandringspolitikken, er for atomkraft, og meiner andre kriser er viktigare enn klimaendringane. Slik vil Truls Olufsen-Mehus endra KrF, om han får bestemme.

– KrF treng ein Ebba Busch-figur. Ho er ein politikar som stiller seg i angrepsposisjon, seier Truls Olufsen-Mehus.
Den kontroversielle leiaren i Troms og Finnmark KrF har markert seg med standpunkt og utsegn som har gjort han meir synleg enn dei fleste fylkesleiarane i partiet. Men dette har også skapt uro blant mange av partikollegaane hans, som Vårt Land tidlegare har skrive om.
I dette intervjuet spør vi han om kva han ønskjer for partiet og kva han meiner dei burde gjere annleis.
– KrF treng ein Ebba Busch
Spørsmålet om partileiar Ebba Busch i KrF sitt svenske systerparti Kristdemokraterna (KD) kjem naturleg opp fordi ho overtok eit parti i djup krise – og ho snudde krise til suksess gjennom å stramme til i innvandringspolitikken, gjennom å markere seg tydelegare i typiske verdispørsmål, og ved å trekke partiet mot høgre.
Klimakrisa er ikkje den største krisa vi står i
Truls Olufsen-Mehus
No står KrF sjølv i ei djup krise etter det dårlege valet i haust, og på det ekstraordinære landsmøtet etter at Kjell Ingolf Ropstad hadde gått av som partileiar, stilte Olufsen-Mehus som leiarkandidat – og presenterte seg sjølv som eit friskt pust som vil snu partiet frå krise til suksess med ei oppskrift som ikkje er heilt ulik den Busch hadde.
– Ser du på deg sjølv som ein som kan ta den rolla?
– Eg veit ikkje nødvendigvis om det er eg som er løysinga eller som har det endelege svaret. Men eg håpar at eg ved å stille opp og ved å vere tydeleg på det eg meiner, kan skape eit rom for å få fram slike typar i partiet.

Vil utfordre på klima og innvandring
Truls Olufsen-Mehus forsikrar om at han meiner KrF har den beste politikken på nesten alle område. Men på to saker vil han utfordre partiet: Klima og innvandring.
– Klimakrisa er ikkje den største krisa vi står i, seier han.
– Kva er den største krisa då?
– Det må vere naturkrisa. Forsøpling og miljøgifter. Det er ei hundre prosent menneskeskapt krise.
– Er ikkje klimakrisa hundre prosent menneskeskapt?
– Nei, det trur eg ikkje ho er. Eg trur mykje av endringane i klimaet er naturlege, men at menneskelege utslepp kanskje spelar inn. Men uansett meiner eg det er viktig at vi reinsar utsleppa våre, fordi det også festar seg miljøgifter ved utsleppa.
Trur på atomkraft
Medan partiet hans har vedteke å auke avgiftene på bensin og diesel, meiner Olufsen-Mehus tvert imot at drivstoffet er blitt for dyrt. Han meiner belastninga av klimatiltak er blitt for høg for vanlege folk.
– Det er ikkje på slike tiltak det er mest å hente, hevdar han.
Det er eit heilt anna tiltak Olufsen-Mehus har tru på, og også der utfordrar han eige parti. Han er nemleg ein varm tilhengar av kjernekraft.
– Dersom vi faktisk vel å leggje til grunn at det er CO₂ som er opphavet til klimaendringar, så er det galskap å ikkje nytte seg av vitskapen som kan løyse dette, seier han.
– Skal vi ha ein klimapolitikk, så må vi gjere noko annleis enn dei andre partia.
Vi må stille spørsmålet: Er det mogleg å hamne i ein situasjon med for høg innvandring?
Truls Olufsen-Mehus
Må velje mellom bistand og innvandring
I VG sin valomat før valet i haust kommenterte Olufsen-Mehus at «vi kan ikkje både ha mykje innvandring og mykje bistand». Vi spør kva som ligg i dette.
– Vi må stille spørsmålet: Er det mogleg å hamne i ein situasjon med for høg innvandring, svarar han.
– Har vi hamna i den situasjonen no, meiner du?
– Det veit eg ikkje, men vi må ha ein debatt om kor grensa skal gå. I dei største byane er ikkje integreringa god nok.
Då Frp sat i regjering, var ei av hovudkonfliktane mellom dei og KrF kor mange flyktningar Noreg skal ta i mot, og dåverande KrF-leiar Knut Arild Hareide ytra seg kritisk til Frp sin argumentasjon om å «hjelpe flyktningane der dei er». Men Olufsen-Mehus går langt i å seie det same som Frp.
– Det er klart at vi kan hjelpe mange fleire med bistand enn gjennom innvandring, seier han.
– Så om eg forstår deg rett, så meiner du at vi må velje mellom å satse på innvandring eller satse på bistand, og i det valet så går du for bistand?
– Ja, det er riktig.

Eg trur ikkje den vestlege verda er tent med Joe Biden som president
Truls Olufsen-Mehus
Verda ikkje tent med Biden
Då partikollega Simon Friis Larsen frå Rælingen KrF markerte støtte til Donald Trump i NRK Urix, gjekk Olufsen-Mehus ut med ei sterk støtteerklæring på Facebook til Friis Larsen.
– Støttar du Donald Trump?
– Det er vanskeleg å svare på, for om eg seier noko positivt om Donald Trump, så blir eg med ein gong stempla som Trump-supporter, seier Olufsen-Mehus.
Han meiner likevel at Trump fekk til mykje bra i si periode som president – blant anna forsøka på å lage ei løysing på konflikten mellom Israel og Palestina.
– Men kva tenkjer du om at Donald Trump tapte valet presidentvalet?
– For å seie det sånn, så trur eg ikkje den vestlege verda er tent med Joe Biden som president.