Mørk og kald jul i Syria
SYRIA: Dei syrarane som har råd, kjøper parafin for å halda varmen. Andre må ty til teppe eller bål med trevirke frå utbomba bygg.

– Folk i Syria går gjennom ein ufatteleg kald og mørk vinter. Dei tyr til teppe og varmeflasker og ventar på at det skal gå over.
Det fortel Margrethe Volden, seksjonsleiar for Midtausten i Kirkens Nødhjelp. I starten av desember kom ho tilbake frå ei ti dagars reise i Syria.
Eit søk på ordet «strømkrise» hjå analyseselskapet Retriever får 474 treff så langt i år. De fleste sakene handlar om Norge. I Syria går straumkrisa ut på at folk i dei fleste byane berre har tilgang til straum to timar i døgnet. Klokka fem på ettermiddagen blir det mørkt.
Den vanlegaste varmekjelda er parafin-drivne omnar, fortel Margrethe Volden. Men hyperinflasjon gjer at parafinen er blitt for dyr for mange.
– Det meste som kan brennast, er brent opp. Me har køyrt gjennom utbomba område der berre knust betong er igjen. Alt av trevirke er vekke.
Trippelkrise i krigsherja land
I år er det ti år sidan krigen i Syria starta. Krigen har truleg kosta ein halv million menneske livet og sendt millionar på flukt.
– No har krigen stilna i dei fleste områda, men folk sit igjen med eit knust land. Konsekvensane av krigen kjem i form av hyperinflasjon, drivstoffkrise og straumkrise. Folk er meir slitne, og har mindre, seier Volden.
Kirkens Nødhjelp har fleire prosjekt i landet, og hjelper alle, uansett religiøs tilhøyrsel.
Fleire av prosjekta skal hjelpa folk å få grøn straumforsyning. Solceller skal gje straum til helseklinikkar og erstatte dieselgeneratorar som driv pumpesystem for vassforsyning.
– Av relativt beskjedne investeringar får ein sikra vassforsyning til kommunar med 4-5000 innbyggarar.
Mange kristne reiser frå Syria

Ifølgje Store norske leksikon var rundt 10 prosent av folket i Syria kristne i 1990. Rundt halvparten av alle kristne kan ha forlate landet på grunn av krigen, men anslaga er usikre.
– Eg trur mange kristne i Syria kjenner dette som ei enorm smerte. Dei føler at dei sviktar kyrkja si ved å reisa. Så har mange kristne sett det som ei viktig oppgåve å bli verande for å sikra at det tolerante, opne samfunnet består.
Møtte gresk-ortodoks leiar
Ein av dei Margrethe Volden møtte i Syria, er fader Meletius. Han leiar hjelpeorganisasjonen GOPA til den gresk-ortodokse kyrkja i Syria. Dette er det største kristne kyrkjesamfunnet i Syria.
– Han har bakgrunn frå musikk og akademia. Han er ein fin mann med eit breitt kontaktnett.
Meletius tok over etter fader Alexi Chehadeh, som i august døydde av korona. Vårt Land møtte fader Alexi i 2015, då bad han det internasjonale samfunnet om brød, ikkje bomber.

Nedtona julefeiring i Syria
Sidan dei fleste kristne i Syria er ortodokse, og dermed feirar jul 6. januar, er julefeiringa i Syria denne månaden nedtona.
Margrethe Volden kunne likevel gå gjennom nokre opplyste julegater då ho besøkte Damaskus i november.
– I gamlebyen i Damaskus er nokre av gatene pynta til jul. Det var mange folk ute og gjekk i dei opplyste gatene. Det var ei fin oppleving, som fortel litt om det tolerante og multikulturelle samfunnet som Syria har vore.