Morgondagen i Etiopia blir berre verre

ETIOPIA: Den humanitære krisa i Etiopia går frå vondt til verre i 2022. Opprørarane frå Tigray ber om våpenkvile. Etiopia-kjennar trur ikkje på fredsløysing.

Det meldes om masseflukt fra den vestlige Tigray-regionen i Etiopia, som kontrolleres av milits fra naboregionen Amhara og regjeringsstyrker fra Etiopia (bildet) og Eritrea. Foto: AP / NTB
MOT NORD: Etiopiske regjeringsstyrkar rullar no mot nord, og mot regionen Tigray. Borgarkrigen braut ut i november i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Kvart år legg hjelpeorganisasjonen International Rescue Commitee (IRC) fram lista over dei humanitære krisene dei ventar vil forverre seg mest i året som kjem. For første gong på tre år er ikkje Jemen på førsteplass. Neste år blir det langt verre i både Afghanistan og Etiopia.

Etiopia må handtere tre truslar neste år, seier IRC: Koronapandemien, klimaendringar og borgarkrigen mellom regjeringa og Tigray-folkets frigjeringsfront (TPLF).

Over 22 millionar treng hjelp

FN er også uroleg for morgondagen i Etiopia. Naturkatastrofar, konflikt, klimaendringar og koronapandemien aukar behovet for humanitær hjelp neste år, seier FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) i ein fersk rapport.

Borgarkrigen i Etiopia har ført til at tusental menneske er drepne, at kring to millionar er på flukt, og at 400.000 menneske svelt, utdjupar FNs bistandssjef Martin Griffiths.

OCHA seier totalt 22,3 millionar menneske treng humanitær hjelp i Etiopia neste år.

Regjeringen i Etiopia kunngjorde mandag at den har erobret to strategisk viktige byer fra opprørerne TPLF. Bildet er fra en video med statsminister Abiy Ahmed på et ukjent sted, filmet på ukjent dato. Ahmed sa i slutten av november at han ville lede regjeringsstyrkene fra fronten.Foto: AP / NTB
OFFISER: Statsminister Abiy Ahmed har vore etterretningsoffiser i hæren. Under borgarkrigen i Etiopia har han meldt at han sjølv vil vere «ved fronten» - her frå ein video hæren publiserte i juni.

Fryktar spreiing

Verdsorganisasjonen åtvarar også om at Etiopia risikerer aukande vald, og at borgarkrigen vil få regionale konsekvensar.

Alle partane i borgarkrigen i Etiopia er ansvarlege for alvorlege overgrep. Difor kan det oppstå ein tilstand av konstant vald og konflikt i landet som følgje, meiner FN.

– Risikoen for aukande hat, vald og diskriminering er svært høg, og kan eskalere til systemisk vald og overgrep, sa visehøgkommissær for menneskerettar, Nada Al-Nashif, i FNs menneskerettsråd fredag.

Menneskerettsrådet har difor fatta vedtak om å innleie ei gransking av dei mange klagemåla om grove overgrep mot sivile under Etiopia-krigen.

Trekkjer seg tilbake

Måndag kom meldinga om at Tigray-folkets frigjeringsfront (TPLF) ønskjer pause i borgarkrigen.

– Me trekkjer oss ut av Amhara- og Afar-regionane i retning av Tigray. Me vil opna døra for humanitær bistand, sa TPLFs talsperson Getachew Reda i ei kunngjering.

Tidlegare i haust har TPLF avvist invitasjonen til fredssamtaler, frå regjeringa i Addis Abeba, mot at dei trekte ut styrkar frå nettopp Amhara og Afar.

No har TPLF endra haldning. I eit brev til FNs generalsekretær ber Tigrays president, Debretsion Gebremichael, om våpenkvile og fredsforhandlingar, melder The New Humanitarian:

– Me foreslår våpenkvile etterfølgt av forhandlingar, skriv Gebremichael, og legg til at han vonar retretten vil vere «ein avgjerande opning for fred».

Etiopia

  • Republikk på Afrikas horn.
  • Er eit fattig folkerikt jordbruksland, 115 millionar innbyggjarar.
  • Husar kring 80 ulike etniske grupper, størst er oromoane, tradisjonelt var amharane og tigrayane den jordeigande overklassa, med sterk politisk kontroll, gjennom TPLF hadde tigrayane sterk politisk makt i Etiopia i åra 1991—2012.
  • Statsminister Abiy Ahmed er halvt oromo (far), halvt amhara (mor).

Kom på offensiven

Billene Seyoum, talskvinne for Etiopias statsminister Abiy Ahmed, forklarar TPLFs avgjerd med at opprørarane har lidd store tap i kampar mot regjeringsstyrkane og deira allierte.

Fredsprisvinnar Abiy innleia militæroffensiven mot TPLF i november 2020. Då hadde TPLF utfordra han politisk, og dessutan tatt kontroll over ein militærbase til regjeringshæren.

I starten av borgarkrigen var regjeringshæren på offensiven, men TPLF slo tilbake, først i sommar, så i haust. I november blei det hevda at dei gjekk mot hovudstaden Addis Abeba, noko som førte til evakuering av utlendingar, mellom anna norske misjonærar.

Dei siste vekene har regjeringshæren kome på offensiven, og talskvinne Seyoum fortel CNN at statsminister Ahmed avviser TPLFs ønskje om våpenkvile no, og viser til at TPLF tidlegare har avvist statsministerens ønskje om våpenkvile.

En etiopisk kvinne krangler med andre over bønner utdelt av en nødhjelpsorganisasjon i Tigray-regionen. IRC mener den humanitære krisen i Etiopia vil forverres i 2022. Foto: Ben Curtis / AP / NTB
KRISE: Neste år vil 22,3 millionar menneske i Etiopia ha behov for humanitær hjelp, melder FN. Denne kvinna kjempar til seg føde i byen Agula i Tigray.

Ønskjer militær løysing

På Christian Michelsens Institutt (CMI) i Bergen arbeider seniorforskar og Etiopia-kjennar Lovise Aalen. Ho er avventande til meldingane om at TPLF ønskjer våpenkvile.

– TPLF vedgår ikkje militært nederlag, men seier dei opnar for humanitær tilgang, seier Aalen til Vårt Land.

CMI-forskaren trur ikkje TPLF kjem til å strekkje våpen og avslutte borgarkrigen, men at dei truleg trekkjer styrkane tilbake for å omgruppere seg og forsvare åtak på Tigray.

– Partane ønskjer ikkje ei politisk løysing, men ei militær. Begge partar vonar å sigre over den andre militært.

– Du er altså ikkje optimistisk med tanke på ei snarleg fredeleg løysing på borgarkrigen?

– Nei.

Knuse TPLF

Aalen fortel at akkurat no er Abiy Ahmed utsett for eit sterkt internt press i Etiopia for å gå heile vegen til Tigrays hovudstad Mekele for å slå TPLF ein gong for alle.

– Vil han det?

– Truleg vegrar han seg, for den internasjonale fordømminga vil bli svært sterk om han gjer det. Og det vil vere svært vanskeleg å knuse TPLF heilt.

Powered by Labrador CMS