Mora til Issam er på flukt: – Det blir blodbad om Israel invaderer
ANGREP: Issam (63) er bekymra for mora som er på flukt i Libanon. Elisar (28) sit klistra til telefonen og har vanskar med å konsentrera seg.

– Mamma er sjuk og gammal, men klar i hovudet.
Issam Mohamad Mroueh står framfor ei langstrekt bokhylle omkransa av klatreplantar. Han fortel om mora. Ho er 87 år og vart denne veka flyktning i Libanon.
Han bur her, i bydelen Torshov i Oslo. Men litt av hjarta hans er heime i Libanon. Der vaks han opp og der bur mor og fire søsken. Alle er no på flukt frå Israels bomber.
– Familien min i Libanon veit ikkje kva som skjer i morgon. Dei lever berre for i dag.
Fryktar full krig i Libanon
På telefonen får Issam Mohamad Mroueh bilde og livsteikn frå familien. Han er uroa for alle, ikkje minst for mora. Ho er no på flukt med eine sonen sin.
Dei har rest nordover, vekk frå grensa til Israel. No bur dei hjå slektningar i ein by 30 kilometer sør for hovudstaden Beirut.
– Det er vanskeleg å flykta når alt er kaos. Å leiga bil kostar hundrevis av dollar, bensin er dyrt, det er vanskeleg å få tak i mat. Og det er ikkje trygt å flykta.
Førebels har angrepa frå Israel komme som massive luftangrep og samanstøyt i Sør-Libanon.
Issam fryktar ein fullskala krig i heimlandet.
– Det blir blodbad om Israel invaderer Libanon.

Finn støtte i broren i Noreg
Issam tek opp telefonen og ringer broren Nizam, som også bur i Noreg.
– Me har jobba i lag i mange år. Han er like mykje ein ven som ein bror for meg.
Brørne snakkar ofte saman, dei oppdaterer kvarandre på korleis det går med søskena og mora. Familien er spreidd utover ulike stadar i Libanon, og det er vanskeleg for brørne å halda oversikt over alle.
Nizam sukkar i telefonen.
– Du veit ikkje kven du skal bry deg mest om, kven du skal bekymra deg mest for.
Om lag 1,2 millionar av Libanons 5,5 millionar innbyggarar har flykta frå heimane sine på grunn av Israels angrep, ifølge den libanesiske regjeringa.

Nesten 6.000 i Noreg med familieband til Libanon
Krigshandlingane i Libanon påverkar mange som bur i Noreg.
Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det i dag 3.800 innvandrarar frå Libanon i Noreg. I tillegg er det 1.900 nordmenn med libanesiske foreldre.
Mellom sistnemnde er 28 år gamle Elisar Sayegh.
– Det påverkar kvardagen veldig. Eg sit klistra til telefonen og synest det er vanskeleg å konsentrera meg.

Elisar Sayegh er fødd og oppvaksen i Noreg, med libanesiske foreldre. På julaftan pleier dei å sjå midnattsmessa frå Libanon på fjernsyn, medan dei et julemat.
– Me i familien er ikkje kristne, men me er libanesarar. Me er stolte av at me kjem frå eit land med mange ulike religiøse sekter, og me er med på alle sine feiringar. Å sjå på midnattsmessa frå Libanon eller feira Id er ein måte å føla oss nærare heim på, seier ho.
Fryktar eit nytt Gaza
No er det dystrare bilde frå foreldras heimland som dukkar opp på skjermen til Elisar Sayegh. Bilde av eksplosjonar og røyk og soldatar.
Storfamilien hennar er i Libanon. Ho held kontakten med besteforeldre, tanter og onklar og søskenbarn via mobilen. Førebels har dei ikkje måtte flykta frå heimane sine.
– Me ser korleis ting har utvikla seg i Gaza det siste året. Me er redde for at det kan bli ein liknande situasjon i Libanon, seier ho.

Peikar på kolonihistoria i Midtausten
Tilbake i stova til Issam Mohamad Mroueh står TV-en på. På skjermen kjem bilde av Irans rakettar som haglar over Israel.
Angrepet er del av ein eskalerande valdsspiral i Midtausten.
Ifølge Iran var rakettangrepet over Israel ei gjengjelding for Israels likvidering av Hamas-leiar Ismail Haniye, Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah og den iranske generalen Abbas Nilforoushan.
– Alt begynte eigentleg i 1956, seier Issam og ser bort på fjernsynet.
Han snakkar om konflikten rundt Suez-kanalen, då Israel, Storbritannia og Frankrike angreip Egypt.
63-åringen har skrive to bøker på arabisk om libanesisk historie. Dei har han gjeve ut sjølv, men den eine har Nasjonalbiblioteket i Noreg kjøpt fleire eksemplar av.
Han meiner mange av problema i dagens Midtausten har røter tilbake til Europas kolonisering og skiftande løfter til både palestinarar og jødar.
– Kolonifortida har vore med på å skapa etniske skiljelinjer som er der den dag i dag.

Ber Israel stansa krigane
I ei skuffe på eit storslått skrivebord ligg bunkar med papir. Det er notat til ei ny bok som Issam jobbar med. Boka tek utgangspunkt i dagboknotat frå det siste året. Uroa i Midtausten har fått han til å skriva meir.
Det siste året har han gått i fleire demonstrasjonar i Oslo til støtte for palestinarane på Gaza.
– Det er ikkje mange libanesarar som likar palestinarar. Men eg har vore engasjert i deira sak.
Han er sjølv kommunist med bakgrunn frå Libanons kommunistparti PCL. Dei har vore allierte med palestinarane, under Libanons lange historie med krig og konflikt.
Han meiner Israel no sit med nøkkelen til fred.
– Mange uskuldige barn er drepne. Først i Gaza, no i Libanon. Israel har rett til å eksistera. Men dei må stoppa desse krigane.