Menneskeslakt
Krigen var brutal. Nedslaktinga var monumental. Døden blei målt i hundretusental.
120.000 leivningar. Minnesmerket i Douaumont, på høgda over Verdun, heidrar dei namnlause franske og tyske soldatane som døydde i Den store krigen. Ja, dei kalla han faktisk det, britane; The Great War.
Sundag stod dei gamle arvefiendane Frankrike og Tyskland, atter ein gong, side om side, og minnest blodbadet som fann stad for 100 år sidan. I skogane ved Verdun.
LES OGSÅ: 6. juni feller han dommen over Norges innsats i Afghanistan
Her gjekk Europa fortapt, sa Frankrikes president Francois Hollande sundag. Forbundskanslar Angela Merkel nikka. Takka vere ein kol- og stålunion er dei i dag vener, og kan saman heidre dei som blei sendt lukt i døden for 100 år sidan.
Blø kvite
Over 300.000 tyske og franske soldatar ofra livet i eit av dei lengste slaga under første verdskrigen, og eit av dei største som nokosinne er utkjempa.
LES OGSÅ: – Krigen i Syria må bli avslutta ved forhandlingsbordet, ikkje på slagmarka
Den tyske strategien var ikkje å vinne land. General Erich von Falkenhayn heldt Verdun i jarngrep for at franskmennene skulle «blø kvite» – «Weißbluten des Gegners».
Sløsing
Verdun-slaget, og von Falkenhayns strategi, er blitt ståande som symbol på den vettlause sløsinga med menneskeliv som blodmerka første verdskrig. Det var alltid fleire soldatar å hente. Søner, brør, fedre, alle blei dei kanonføde.
Vettlaust
Neste år er det 100 år sidan det mest vettlause slaget av dei alle, det ved Passchendaele. Slaget i Belgia blei ein rein massakre på både alliert og tysk side. 300.000 britiske, newzealandske, australske og canadiske soldatar døydde ved Passchendaele.
Over 250.000 tyske soldatar blei drepne.
LES OGSÅ: Anbefalte yoga til SS-offiserer i tyske dødsleire
Verst av alt; 60.000 soldatar drukna rett og slett i den regntunge og utbomba krigsmyra Passchendaele. Framleis pløyer bøndene i området fram skjellett i våronna.
Slaktaren
Offiseren som kommanderte dei allierte styrkane rett i døden ved Passchendaele, feltmarskalk Douglas Haig, fekk eit namn han fortente.
«Butcher Haig». Slaktar Haig.