MDG-leiar har tre forklaringar på suksessen
– Folket har talt, dei ønskjer meir grøn politikk. Saman har me endra Norge for alltid.
Heia fram på scenen kom MDGs største profil, Oslos miljøbyråd Lan Marie Berg, og tok valvaka på Sentralen i Oslo med storm:
– Det ser ut til at me blir attvalde, seier Berg – og MDG-arane svarar taktfast:
– Fire nye år, fire nye år, fire nye år.
MDGs oppslutning vil truleg bli dobla ved valet i Oslo: Opp frå vel 8 prosent i 2015 til vel 17 prosent.
– Me elskar bomringen, ropa Berg, og viste til den massive debatten om bompengar som har herja Norge.
I Oslo går Ap sterkt attende, men Raudt og SV styrkjer seg saman med MDG, så det raudgrøne byrådet går mot attval med Aps Raymond Johansen som byrådsleiar.
LES MER: Nedstemte KrF-topper etter varsel om tidenes verste valgtall for KrF
Forklaringar
Oppslutninga nasjonalt er også i sterk vekst, opp frå vel 4 prosent i 2015 til nesten 7 i år.
Nasjonal talsperson Arild Hermstad har tre forklaringar på MDGs sterke framgang:
Solberg-regjeringa leverer ikkje på klima- og miljøpolitikk - «folk går lei».
Klimastreikane som har engasjert store ungdomsgrupper rettar søkelyset mot klimautfordringane.
Det går ei grøn bølgje gjennom Europa, som dei store partia ikkje evnar å svare på.
LES OGSÅ: Ap ligger an til tidenes dårligste fylkestingvalg
Folkevalde
MDG går fram fleire stadar i Norge, til dømes i storbyar som Bergen og Trondheim, og Hermstad ser gode tal fleire andre stader også. Han understrekar at MDG er meir enn Oslo – - og at partiet har ein brei appell:
–Det er ei myte at MDG berre er opptekne av klima- og miljøpolitikk, me har hatt 230 folkevalde rundt om i kommunane, som kvar dag leverer på all politikk som er viktig, seier Hermstad. No får dei langt fleire.
Klimaval
Teodor Bruu, nasjonal talsperson i Grøn Ungdom, seier partiet har klart det mange ikkje trudde:
– Me skal vere stolte, me har klart å gjere dette valet til eit klimaval.
Medlemsvekst
For vel ti år sidan hadde MDG vel 350 medlemmer i heile Norge. I haust har eit lokallag i Oslo like mange medlemmer. Samla har MDG no vel 7.000 medlemmer.