Mange barnevernsbarn overlatt til seg sjølv
I to av tre tilsyn gjorde Nav og barnevernet lovbrot mot ungdommar som fikk ettervern. – Urovekkjande, konkluderer Helsetilsynet

«En dag – så står du der helt aleine».
Linja frå Trond Viggo Torgersens Tenke sjæl fårei ekstra tyding når ho peiker på funna i den ferske rapporten med same namn frå Helsetilsynet.
Han viser at mange ungdommar fell ned i ei grop mellom barnevernet og Nav når dei blir myndige. Då fylkesmennene i 2019 undersøkte om tilbodet om ettervern var godt nok, avdekte dei brot på lova i 22 av 33 tilfelle.
Dårlege undersøkingar: Høyrer ikkje på ungdommen
«For en del innebærer det at de får problemer med å fullføre skolegang, stå i arbeidsforhold, sikre seg en inntekt å leve av eller får psykiske problemer; noen vil slite med slike utfordringer resten av livet», seier Helsetilsynet om konsekvensane ved den manglande hjelpa rapporten viser.
Her er dei grovaste funna:
• Mange tenestar involverer ikkje dei unge sjølv.
• Mange av utredningane er ikkje grundige nok.
• Barnevernet og Nav samarbeider for dårleg.
• Nokre plassar set barnevernet vilkår som dei unge må oppfylle for å få ettervern.
• Nokre barnevernstenestar har som mål å unngå at dei unge må få støtte frå Nav.
• Nokre Nav-kontor bruker «ungdomssatsar» for økonomisk stønad, som er langt under dei statlege retningslinjene.
Helsetilsynet er tydeleg: «Vi har sett at de som skal utgjøre sikkerhetsnettet, svikter mange steder. (...) I fellesskap er det vårt ansvar å forberede og støtte unge slik at den dagen de står alene – ja, da står de!».
LES ÒG: Jane jobbar i ei utskjelt teneste. Likevel elskar ho jobben sin
Tung bagasje å bere åleine
Sandrina Sandell kan meir enn dei fleste om kva sårbare unge treng for å stå støtt i ein ny livsfase.Erfaringane frå hennar eiga tid i barnevernet har blitt levevegen og tilbodet Løvetannakademiet. Der rustar dei unge til å meistre vaksenlivet. Sandell veit godt at bagasjen frå fortida kan vere tung å bere åleine.
– Då eg var 17, flytte eg ut frå fosterheim og sat i ei leilegheit åleine. Plutseleg, når du kjenner på einsemda, kjem alle dei tinga du har vore igjennom, tilbake.
– Det blir forventa at du berre skal «seie ifrå dersom det er noko», men du er framleis i ein alder kor det er høg terskel for å be om hjelp, seier Sandell.
Unge som har vore i barnevernet har få tilgjengelege vaksne i livet:
– For folk flest er ikkje kontakten med omorgspersonane deira avgrensa til tidsrommet 08.00 til 16.00 – eller kjem med krav som gjer at du aldri blir ringt til viss du ikkje møter visse kriterium, seier Sandell.
– Akkurat som alle andre, treng desse ungdommane ulik oppfølging til ulike tider. Ein har andre spørsmål når ein er 21 enn når ein er 18. Ettervernet må tenkjast meir i eit livsperspektiv, seier ho.
Står utan støtte frå vaksne
I mange år har også forskarar slått alarm om ettervernet til barnevernsbarn. Førsteamanuensis Veronika Paulsen ved NTNU har følgt feltet lenge, og kallar funna i rapporten «veldig alvorlege». Men ho er ikkje overraska.
– I starten på vaksenlivet kan dei fleste veksle litt fram og tilbake – bu hos foreldra ein periode, bu vekke litt, og så kome tilbake. Mens i ettervernet må du bestemme deg brått: Vil du ha tiltak eller ikkje?
Paulsen peiker på det fastlagde opplegget ungdommane møter. Det gir ikkje mykje rom for fleksibilitet og personleg tilpassing, meiner ho.
– Då blir mange ståande åleine. Det offentlege er desse unge si støtte og tryggleiksnett, fordi mange har ikkje andre vaksne relasjonar i nettverket sitt.
Men i ei tid kor ungdommane skal finne seg sjølv, takkar fleire nei til tilbodet om ettervern. Berre 20 prosent av dei som kunne hatt det, tar imot. Paulsen meiner ungdommane ikkje må miste retten til å kunne angre – og det må vere ungdommane som blir kontakta igjen, ikkje motsett.
– Ettervernet blir neglisjert som rett
– Du blir kalla «sårbar» når du er barn i barnevernet, men dagen du blir 18 blir du plutseleg gløymt. Opphøyrer behova dine frå ein dag til den neste, spør Sandell retorisk.
– Ettervernet har blitt neglisjert i barnevernlova. Ein har ikkje sett krav til kva det bør innehalde og kva minimum ein kan forvente. Då blir ein prisgitt kommunen ein bur i og kva fokus dei har på dette.
Sandell seier ungdommane må få verktøy og kunnskap til å stå på eigne bein – ikkje berre for å overleve, men for å leve.
– Det desse ungdommane treng, er å få tru på si eiga framtid. Men då må hjelpeapparatet lytte til dei, seier ho.
Dei med ettervern lukkest betre
NTNU-forskaren rosar Helsetilsynet for å vere tydelege i rapporten:
– Me kan ikkje sitje og sjå på at desse ungdommane får dårlegare vilkår inn i vaksenlivet, seier Veronika Paulsen.
Ho kallar forskjellane «ganske dramatiske» når ho ser korleis unge med barnevernserfaring klarar seg i vaksenlivet samanlikna med dei utan. Ho og kollegar har nettopp studert denne skilnaden, og trur ei styrking av ettervernet vil hjelpe:
– Ettervern kan ha ei positiv effekt på lang sikt, med tanke på å fullføre vidaregåande skule. Det reduserer òg risikoen for å kome på uførepensjon, og indirekte vil ettervern kunne påverke det å leve på sosialhjelp og arbeidsavklaringspengar, seier Paulsen.
LES MEIR:
• Kampen som lukkast: Barnevernsbarn har kjempa for ettervern til dei er 25 år
• Enorme forskjellar i tilboda til einslege mindreårige asylsøkarar
• Nina mista sonen heilt uventa: – Når sånt skjer, følest det som om Gud ikkje finst