Kyrkje ber samane om orsaking for overgrep og diskriminering
SVERIGE: Svenska kyrkan ber på ei høgtidsgudsteneste onsdag det samiske folket i Sverige om tilgjeving for diskriminering og overgrep over år. Den norske kyrkja ventar på Sanningskommisjonen.

– Me må vedkjenne oss den mørke historia, sjølv om det gjer vondt, sa erkebiskop Antje Jackelén då ho i juni kunngjorde den offentlege orsakinga.
– Når me har svikta det samiske folket, har me også svikta oss sjølv og Gud.
Med representantar for det offisielle Sverige på første benk stig erkebiskopen i den svenske folkekyrkja onsdag fram i Uppsala domkyrkje og ber landets urfolk om tilgjeving for fortidas synder.
Kyrkja forsvarte rasebiologi
I 1977 sa Riksdagen at samane i Sverige, mellom 20.000-40.000 i talet, er eit urfolk. Akkurat som den norske staten prøvde å fornorske norske samar i over 100 år, har den svenske staten prøvd å assimilere svenske samar.
Og dei hadde Svenska kyrkan med på laget.
På gudstenesta onsdag skal fem vitne fortelje om overgrep mot svenske samar, utført av Svenska kyrkan. Stikkord er tap av språk og identitet og rasebiologi. Kyrkja var med å forme og drive nomadeskulane for samiske barn, eit skulestell som ettertida har definert som kolonisering og assimilering — og rasistisk.
Kyrkjeleiarar forfekta også rasebiologiske argument som sa at samar tilhøyrde lågareståande rasar, og kyrkja hjelpte til med rasebiologisk kartlegging.
Sjefsbiskop er vitne
Tre av gjestane i Uppsala domkyrkje er kyrkjeleiarar som skal vere vitne til og stø opp om orsakinga. Ein finsk biskop, ein kanadisk — og preses Olav Fykse Tveit frå Den norske kyrkja.
– Eg skal vere ein slags fadder for orsakinga, for oppgjeret, forklarar Fykse Tveit til Vårt Land.
– Må Den norske kyrkja, som Svenske kyrkjan, no be norske samar om tilgjeving og orsaking?
– Nei, det meiner eg ikkje er naudsynt, seier han og viser til at kyrkja bad samane om orsaking i 1997, og at ein må støtte seg på det som blei sagt då.
I 1997 vedtok Kyrkjemøtet ei fråsegn som sa at DNK hadde diskriminert samane: «Kirkemøtet erkjenner at dette har skapt sår, og at samene ofte har blitt fremmedgjort i forhold til kirken.»
Når me har svikta det samiske folket, har me også svikta oss sjølv og Gud
Antje Jackelén, erkebiskop i Svenska kyrkan
Biskop ba om orsaking
Sjefsbiskopen meiner Den norske kyrkja på mange måtar har komme lenger enn Svenske kyrkan. Ein har etablert eit eige Samisk kyrkjeråd, fått samisk representasjon i bispedømmeråd, ein har fått samiske bibelomsetjingar — og kyrkja talar urfolkets sak i stridsspørsmål om rettar til land og vatn.
I 2017 kom biskop Solveig Fiske med ei eiga orsaking då Hamar bispedømme markerte 100-årsjubileet for det første samiske landsmøtet i Norge: «Jeg vil derfor som biskop i Den norske kirke i dag be om tilgivelse for den urett som Den norske kirke har påført dere som er samer, og beklage på det sterkeste de sår som dette har skapt i forhold til kirken.»
Fiske forklarte orsakinga med at samar meinte Kyrkjemøtet-vedtaket ikkje var «godt nok».
Søkjer samisk sanning
Fykse Tveit fortel Vårt Land at Den norske kyrkja ventar på rapporten frå Stortingets Sannings- og forsoningskommisjon som kjem i 2023.
– Kjem det der opp saker som kyrkja må ta tak, vil me sjølvsagt gjere det.
Sverige gjer som Norge. Den svenske regjeringa har nyleg sett ned ein sanningskommisjon «som skal kartleggje og granske politikken som blei ført mot samane i eit historisk perspektiv, og kva konsekvensar det fekk for det samiske folket». Rapporten skal bli levert i 2025.
Leiar i Samisk kyrkjeråd i Norge, Sara Ellen Anne Eira, ventar spent på Sannings- og forsoningskommisjonens rapport.
– Eg vonar kommisjonen vil sjå nærare på Den norske kyrkjas rolle i fornorskingsprosessane.
Onsdag er også ho i Uppsala domkyrkje. Eira rosar forsoningsarbeidet til Svenska kyrkan.
– Dette har vore eit viktig arbeid.

Følgje opp med handling
Etter oppgjer og orsaking, kjem forsoning og samhandling, lovar erkebiskop Jackelén:
– Ei orsaking må sjølvsagt følgjast opp med handling. Desse tiltaka er no godt funderte og kan gjere ei ny, felles framtid mogleg. At Svenska kyrkan også er samisk må bli tydelegare i utviklinga av samisk kyrkjeliv.
Tiltaka erkebiskopen viser til er åtte i talet — du les dei i faktaboksen.
Vegen til Uppsala domkyrkje har vore lang. I ti år har Svenska kyrkan hatt ein dialog med samiske representantar i og utanfor kyrkja. Kyrkjeleiinga vedtok i 2019 at målet med arbeidet var å komme med ei offisielle orsaking til det samiske folket, som ein del av forsoningsprosessen. Ut av arbeidet kom også Kvitboka.
Svenska kyrkan kan også lene seg på eit tilsvarande oppgjer i Finland. Den finsk evangelisk-lutherske kyrkja, Finlands folkekyrkje, gav i 2012 ei offisiell orsaking til landets samar.