Kva skal vi med åndeleg leiarskap?

I kjølvatnet av biskopane sitt felles abortutspel vakar ein viktig samtale om leiarskap i Kristen-Noreg.

– Også eit sekulært samfunn treng meir frå kyrkja enn eit moderat ­minimum, skriv Sofie Braut.

Er eit omgrep som åndeleg leiarskap i det heile interessant lenger? Uttrykket kan høyrast ut som ein leivning frå tider då samfunnet sto på eit meir primitivt utviklingstrinn; slikt noko arkeologar grev fram restar av frå fjerne sivilisasjonar. Eller noko meir moderne, men like fullt tilbakelagt: ein mørk og paternalistisk peikefinger frå ein påtrengande preikestol i ei maktsprengt kyrkje nær deg. For berre nokre tiår sidan.

Biskop i Lunds stift i den svenska kyrkan, Johan Tyrberg, reflekterte nyleg i ein artikkel (kyrkanstidning.se) over om åndeleg leiarskap er blitt eit «icke-begrepp». Skal det framleis vera eit aktuelt omgrep må det, som Tyrberg slår fast, definerast nærare.

Leiarroller i samfunnet

Kva er det som formar kyrkjeleiarar i vår tid? Ein naturleg impuls er å modellera også denne forma for leiarskap på andre leiarroller i samfunnet. Kyrkja si toppleiing låner frå og lener seg gjerne på modellar innan politikk, næringsliv og allmenn administrasjon. Det treng ikkje vera feil å finna si rolle som kyrkjeleiar gjennom å studera andre former for leiing, men livskraftig åndeleg leiarskap er avhengig av tydeleg innramming og avgrensing mot andre former for leiarskap.

Biskopanes nylege abort-utspel aktualiserer også sentrale spørsmål knytt til åndeleg leiarskap. Viser biskopane god forståing av eiga rolle når dei no forlet ei linje der det sjølvsagte har vore forsvar for fosterets rett til liv til fordel for noko som minner om ei meir realpolitisk linje?

Lovverk og kvinnesak

Fleire, mellom dei prest Gyrid Gunnes, meiner biskopane «må» ta utgangspunkt i lovverk og kvinnesak, og er dermed svært nøgde med at Bispemøtet no legg opp til ei anna linje i abortsaka. Spørsmålet blir likevel kva plass det vert for åndeleg leiarskap når biskopane no forheld seg til lovverket som noko udiskutabelt og dermed i form langt på veg imiterer realpolitikarens konstaterande pragmatisme. Underminerer dei i realiteten si eiga rolle parallelt med at dei får ros frå mange hald for skifte av kurs?

Debatten i etterkant kan tyda på det. Eg vil her trekka fram tre område der dette synest særleg aktuelt. For det første må åndeleg leiarskap som nemnt skilja seg kvalitativt frå andre former for leiarskap. Det siste utspelet frå Bispemøtet gjer dette skiljet svært utydeleg, ettersom abortdokumentet i det store og det heile er utforma som eit allment refleksjonsdokument som på pragmatisk vis nøyer seg med å konstatera og kommentera, og ikkje i nemneverdig grad dreg opp teologiske resonnement.

«Minste felles multiplum»

Biskopar har i etterkant også framstilt det som eit «minste felles multiplum», og ein kan spørja seg kva verdi eit slikt dokument har anna enn å vera det teppet ein feiar usemja under. Slik eg ser det, vert det for generelt til å setja nokon eigentleg kurs i det vidare arbeidet med å fremja fosterets menneskeverd.

For det andre må åndelege leiarar referera til og forkynna ein autoritet som står over og utanfor dei reint menneskelege kategoriane. Det ligg kort og godt i teologiens natur å bringa til torgs trua på ein allmektig Gud, og det var også der kyrkja sin grunnleggar henta sin legitimitet frå.

Første paragraf i tenesteordninga for biskopane stadfester nettopp at deira primære oppgåve er «gjennom forkynnelse og sakramentforvaltning å ta vare på den apostoliske lære etter Guds ord og vår kirkes bekjennelse». Men kva skjer med dette kjernepunktet i møte med ei aktuell utfordring som abortspørsmålet?

Referansar til Bibelen

Det er svært sparsamt med referansar til skrift og vedkjenning eit dokument som det dei nett la fram. Ei integrert tru gler seg over å bringa ein gudsrike-dimensjon inn i pågåande samtalar og vanskelege dilemma. Gløym klisjeen om å slå folk i hovudet med Bibelen. Det handlar om å bringa inn perspektiv på kva ein faktisk trur er det gode liv, ikkje på eit generelt grunnlag, men innan den spesifikke kristne referanseramma.

Endeleg er åndeleg leiarskap kjenneteikna av ein autonomi vi kanskje ser for lite av mellom dagens leiarar i Dnk. I iveren etter å syna felles kompromiss-kløkt forsvinn noko av det frie, risikovillige og overgitte som har alltid har kjenneteikna åndeleg leiarskap.

Tidsmessig

Abortutspelet viser fram Bispemøtet som eit ­moderat leiarforum som adresserer eit saksfelt tidsmessig sjølvkritisk. Mange synest det er sympatisk om kyrkja ikkje lenger er ein stein i skoen i samtalen om det ufødde livet. Men også eit sekulært samfunn treng meir frå kyrkja enn eit moderat minimum.

Debatten etter abort-utspelet har gitt dokumentet eit haleheng av presiseringar som ikkje plent overtyder lesaren om at utspelet er samstemt. Det kan vera eit påminning om at kompromisskunst ikkje har same kraft for teologar som det kan ha innan politisk leiing. Men kva er då den særmerkte krafta i eit åndeleg leiarskap? Det bør ein topptung struktur som Dnk ta seg råd og tid til å reflektera grundig over.

Sofie Braut

redaksjonen@vl.no

Powered by Labrador CMS