KrFU tek sterk avstand frå Olufsen-Mehus

UEINIG: Truls Olufsen-Mehus vil endre klima- og innvandringspolitikken til KrF. Det er ungdomspartileiar Hadle Rasmus Bjuland sterk ueinig i.

Hadle Rasmus Bjuland og Truls Olufsen-Mehus
KRITISK: KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland er kritisk til kva Truls Olufsen-Mehus ønskjer å gjere med KrF.
Publisert Sist oppdatert

Leiar i KrFU Hadle Rasmus Bjuland reagerer på intervjuet Vårt Land har gjort med fylkesleiar Truls Olufsen-Mehus i Troms og Finnmark KrF:

– Det Olufsen-Mehus snakkar om er ikkje det KrF som eg kjenner. Det han seier går heilt på akkord med kva vi står for. Dette er noko vi tek sterk avstand frå, seier Bjuland.

Han reagerer blant anna på at Olufsen-Mehus seier at partiet må velje mellom å satse på innvandring eller på bistand. Det meiner KrFU-leiaren går heilt på tvers av det som er dei viktigaste prioriteringane for partiet:

– Er det noko vi var gjort i Stortinget den siste perioden så er det å prioritere både det å halde oppe nivået på bistanden, og å auke talet på kvoteflyktningar til Noreg, seier Bjuland.

– Ikkje vårt KrF

KrFU-leiaren reagerer også på at Olufsen-Mehus seier at klimaendringane ikkje er den viktigaste krisa verda står i, og at han seier at han trur klimaendringane for det meste er naturlege.

– Klima er enormt viktig for KrFU. Klimaendringane driv allereie mange menneske på flukt, og kjem til å sende enda fleire menneske frå hus og heim dersom vi ikkje klarar å gjennomføre nødvendige tiltak. Klimaendringane er menneskeskapte, og KrF er eit klimaparti.

Han seier at han ikkje kjenner seg igjen i analysane til Olufsen-Mehus, og at han trur fylkesleiaren frå Troms og Finnmark er heilt på villspor også i høve til partiet sine veljarar, seier Bjuland.

– Det som er det grunnleggjande for KrF er kampen for dei stemmelause. Eg opplever at fleirtalet i partiet er einig med oss i det. Den retninga Olufsen-Mehus teiknar opp, er ikkje vårt KrF.

Nøgd med verdipolitikken

– Delar du dei andre tinga Olufsen-Mehus legg vekt på? Til dømes at KrF må bli tydelegare på verdispørsmål slik som i kjønnspolitikken?

– KrF må halde fram med å stå støtt på verdiane våre. Eg er nøgd med kor tydelege vi er i desse spørsmåla. Men Men skal vi vekse må vi snakke om fleire saker. Vi må vere aktuelle for fleire enn den typiske KrF-veljaren, seier Bjuland.

Medan KrFU-leiaren er tydeleg om kva han meiner om Olufsen-Mehus sine utsegn, så har leiinga i moderpartiet vore meir tilbakehaldne med å kommentere denne saka. Bjuland vil likevel ikkje ha noko meining om partileiinga burde komme på banen.

– Det får vere opp til den sittande leiinga i partiet. Men eg vil vere klar på at eg opplever at eit stort fleirtalet i partiet er på linje med oss.








Powered by Labrador CMS