KrF-Syversen blir advokat
Dei fall ut av Stortinget i haust. Hans Olav Syversen blir advokat, Line Henriette Holten direktør i Tekna.

Lenge var han med i mediespekulasjonane om vervet som riksrevisor og sjef for Riksrevisjonen, men no er det klart at Hans Olav Syversen, som ikkje fekk fornya opphaldet på Oslo-benken i Stortinget, blir advokat. Høgres Per-Kristian Foss fekk fornya tillit som riksrevisor.
Juristen med 12 år bak seg på Stortinget, seinast som leiar av finanskomiteen, fortel til KrF-magasinet Idé kva som ventar i 2018:
– Frå 1. januar blir det advokatvegen for meg, med andre ord – «back to basic».
LES MEIR Kan bli tidenes bremseparti
Søkjer jobbar
Av dei fire KrF-arane som tapte stortingsplassane sine i september, har også KrF-Rogalands Geir S. Toskedal fått ny jobb. I januar startar han som rådgjevar for oppvekst- og kultursjefen i Karmøy kommune.
Line Henriette Holten har også fått avklart framtida. Ho er tilsett som ny direktør for samfunnspolitikk i fagorganisasjonen Tekna.
Sistemann, Anders Tyvand frå Vestfold, fortel Idé at han søkjer jobbar. Tyvand var rådgjevar i byrået Consilio Kommunikasjon då han blei valt inn på Stortinget i 2013, og reknar med å ende opp i kommunikasjonsbransjen på nytt.
LES MEIR Innbyr til krafttak for ideelle