Kreve at dommedagsprofet ber om orsaking
Harold Camping har ikkje dukka opp etter at dommedagsprofetien slo feil.

Ingen tek telefonen eller svarar når nokon ringjer på hos Family Radio. Telegrambyrået Reuters har ikkje klart å spore opp radiopastoren som garanterte dommedag laurdag 21. mai.
Slo feil. Dersom Harold Camping og Family Radio i California hadde hatt rett, ville dommedag no vore over. Jordskjelv skulle ha opna graver 21. mai og sendt dei rettferdige til himmelen, medan dei andre skulle lide seg gjennom 5 månader med andeplager inntil Gud skulle stengje kloden for godt 21. oktober.
LES ERLING RIMEHAUG PÅ VERDIDEBATT.NO: «Kirken har dessverre overlatt til sjarlataner som Camping å forkynne Bibelens sanne budskap om dommen»
Slik gjekk det ikkje. No ber Ed Stetzer, president i Southern Baptist Convention, Camping om å be om orsaking for å ha ført folk vill med dommedagsprofetien sin, skriv Christian Post. Baptistleiar Stetzer, som ikkje trudde på dommedagsprofetien, var på Twitter frå Tyrkia klokka 18 då jordskjelvet skulle komme i den tidssona. Han rapporterte: «Ingenting hende».
Saddleback-pastor Rick Warren skreiv på Twitter: «Verda gjekk ikkje under. Eg sa de ikkje skulle uroe dykk.» Han viste til Markus 13,32: «Men dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Far.»
«Bibelen garanterer det». Fleire som er tilhengarar av Camping og lyttar til radiostasjonane hans, avlyste store planar for å vere budd til dommedag etter at Camping profeterte. Christian Post rapporterer om ei 27 år gammal jente som avlyste legestudiet.
Tilhengjarane til Camping venta til ingen nytte på at jordskjelva skulle ramme kloden og utløyse dommedag, opprykking til himmelen for dei truande og pine for dei andre. Camping sjølv var taus då det viste seg at profetien var bom, melder San Francisco Chronicle.
36 år gamle Keith Bauer hadde køyrt frå Maryland til Oakland der Family Radio held til for å kunne vere der under dommedag og bli rykt opp til himmelen.
– Eg håpa, seier 36-åringen. – Himmelen vil vere ein mykje betre stad enn denne jorda. Men Bauer måtte skuffa konstatere at dommedag og opprykkinga ikkje kom.
– Forstår det ikkje. På Times Square i New York stod fleire tilhengjarar og ikkje visste kva dei skulle tru. – Eg forstår ikkje kvifor ingenting hender, seier Robert Fitzpatrick til New York Daily News.
– Eg gjorde det eg skulle. Eg gjorde det Bibelen sa, la han til, ifølgje Christian Post.
Det vil seie: Han hadde gjort det Harold Camping hadde sagt han skulle gjere. No tilbyr kyrkjelyden Calvary Bible Church hjelp til dei skuffa og nedtrykte medlemmane av Campings skare. Kyrkjelyden vil hindre at dei nedtrykte gjer sjølvmord. – Ikkje bli fortvilte. De er ikkje åleine. Vi tilbyr dykk hjelp og bibelsk rettleiing, seier pastor Jacob Denys.
Først ut. New Zealand skulle etter dommedagsprofetien til Harold Camping vere blant dei første til å oppleve dommedag klokka 18.00 i deira tidssone i dag.
Men då klokka hadde passert klokka 18 på New Zealand, hadde ingenting spesielt hendt.
LES OGSÅ: Amerikansk pastor: I dag er det dommedag
Camping profeterte at det i dag skulle komme jordskjelv klokka 18 i alle tidssoner verda over. Etter det skulle dei rettferdige rykkjast opp i himmelen.
Klokka 18.06 lokal tid melde Daniel Boerman seg på mikrobloggen Twitter: «Eg er frå New Zealand. Klokka er 6.06, verda har ikkje teke slutt. Ingen jordskjelv. Alle som venta kan slappe av for denne gongen.»
Ei stund seinare kom ein ny twitrar: «Dommedag er forseinka, tydelegvis. Ingen nyhende om jordskjelv i New Zealand, det skulle ha kome for 50 minuttar sidan.»
PER TRAASDAL PÅ VERDIDEBATT.NO: Denne karen har vel tapt sin troverdighet forlengst....
Småskjelv. Rett nok var det to mindre jordskjelv i Stillehavsområdet laurdag, tidlegare på dagen enn dommedagsprofetien skulle tilseie. Dei målte 3,1 og 4,8 på Richters skala. Ingen av dei utløyste tsunamivarsel, melder den engelske avisa The Telegraph. Og slike jordskjelv er helt vanlege.
Dei jordskjelva som Camping varsla, skulle komme klokka 18 i kvar tidsregion. Dei skulle opne graver slik at dei truande kunne bli henta opp til himmelen. Dei ikkje-truande skulle lide ein langsam død i fem månader med sterke plager til Gud stengde kloden for godt 21. oktober.
Camping har sagt at profetien hans byggjer på bibelske historiar putta inn i numerologiske formlar. 21. mai 2011 er nøyaktig 7.000 år sidan den bibelske historia om Noas ark, ifølgje Camping.
Garanterte. I eit intervju med New York News and Features på førehand gjorde Camping det klart at han var heilt sikker. På spørsmål om kor sikker han er på at dommedag skulle komme 21. mai 2011, svara han:
– Gud har gitt såååå mykje informasjon i Bibelen om dette, og så mange prov og så mange teikn at vi absolutt veit at dette vil skje, det finst ikkje spørsmål i det heile, sa Camping og la til:
– Eg ville absolutt vore i opprør mot Gud dersom eg trudde noko anna enn at dette absolutt vil hende.
Han vart også spurt om at sidan han bomma i 1994, var det kanskje slik at han ikkje kan profetere verdas undergang. Camping svara at han alt i 1992, to år før den siste dommedagen han varsla, alt var byrja å sjå at dette i grunnen ville hende i 2011. Men det var enno så mange bøker i Bibelen han ikkje hadde gått studert godt nok. han valde difor å seie at dommedag kanskje ville komme i 1994. Dior skreiv han boka om dette i 1992. Boka heitte «1994?». Han gjorde i intervjuet eit nummer av at han sette eit spørsmålsteikn bak. I boka, seier han, indikerte han også at 2011 kunne vere året då Gud ville setje sluttstrek.
– Så det var berre starten på ein studie som eg har makta å gjere ferdig på 15 år, svara Camping.
Let vente på seg. Men det var før 21. mai 2011 dukka opp og dommedag så langt har lete vente på seg. Sven Egil Omdal spør på Twitter kven som får det første «Kva seier du i dag?»-intervjuet med Harold Camping.
Camping sjølv bur i ei av dei siste tidssonene som etter profetein skal rammast av eit jordskjelv klokka 18 lokal tid. Han må snart svare for kvifor profetien slo feil og at det ikkje blei apokalypse no heller.
Vårt Lands Erling Rimehaug gjorde eit nummer på Twitter av at det berre var Human-Etisk Forbund som hadde hypa Camping sin dommedagsprofeti. Jens Brun-Pedersen i Human-Etisk Forbund svarte med å spørje om det berre var dei. «Er det ikke flere som har humor?»
Dei aller, aller fleste har ikkje teke Camping alvorleg i det heile teke. Teologen Ian Packer i Australian Evangelical Alliance sa før 21. mai til det franske nyhendebyrået AFP at Camping var ikkje teken på alvor av nokon.
– Hadde vi ikkje høyrt om han i media, ville vi ikkje visst om at han eksisterer, seier Packer, ifølgje Christian Post.