Krekar-anke avvist i italiensk Høgsterett – vil anke til EMD
Høgsterett i Italia har avvist mulla Krekars anke av ein terrordom på 12 års fengsel. No ønskjer han å klage til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Det seier den norske advokaten hans, Brynjar Meling, til NRK.
Krekar vart dømt til 12 års fengsel for terrorplanlegging i Bolzano i juli 2019, utan at han sjølv var til stades. I mars 2020 vart han så utlevert til Italia.
Saka har sidan vorte anka oppover i det italienske rettsvesenet. No skulle italiensk Høgsterett avgjere om han kunne dømmast i Italia for det han gjorde medan han var i Noreg.
Det kom dei fram til at han kunne.
– Det betyr at Krekar ikkje har fått fremja bevisa sine verken i Noreg eller i Italia, seier Meling.
Dommen betyr at terrordommen er rettskraftig i Italia, men dei vil ikkje få grunngivinga før om 90 dagar.
– Det er heilt openbert at denne saka då vil bli klaga inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen, seier Meling.
(©NPK)