Kirkens Nødhjelp ber om «kraftfull lov»

To av tre nordmenn vil ha importforbod mot varer produsert totalt eller delvis gjennom barnearbeid.

Ein gruvearbeidar driv fram cobolt i gruva Shinkolobwe i 
Congo. Mineralet cobolt er ein viktig komponent i mobiltelefonar.
Publisert Sist oppdatert

Funnet kjem fram i ei ­undersøking Respons Analyse­ har gjort for Kirkens Nødhjelp (KN). I same undersøking seier over halvparten at dei er villige til å betale meir for varer som garantert ikkje er produserte med barnearbeidarar.

Ønskjer juridisk rammeverk

KNs generalsekretær Dagfinn Høybråten etterlyser difor det han kallar ein «kraftfull lov» for å nedkjempe barnearbeid i produksjonskjedene. Han har forventingar til arbeidet med ein ny etikkinformasjonslov.

– Det er avgjerande at regjeringa innfører eit juridisk rammeverk, slik at det ikkje lenger er frivillig å hindre menneskerettsbrot. Dette må bli obligatorisk for alle selskap som opererer i Norge, meiner Høybråten.

Han dreg fram eit konkret døme som han meiner alle nordmenn kjenner til; mineralet cobolt i mobilen.

LES MEIR. Store selskap klarer ikke å sjekke hvor mineraler kommer fra

«Tydeleg beskjed»

– Det er ei grov krenking av menneskeverdet når barn jobbar under slaveliknande tilhøve, til dømes i uregulerte gruver i Kongo. Vi kan ikkje vete om desse minerala blir brukt i mobiltelefonar som blir selde i Norge. Slik kan me ikkje ha det, og det seier nordmenn tydeleg frå om i vår undersøking, seier KN-sjefen.

Høybråten opplyser at tal frå ILO fortel at totalt 152 millionar barn er i barnearbeid, og 16 millionar personar er ofre for tvangsarbeid i privat sektor.

Powered by Labrador CMS