Kasta roser i havet for døde flyktningar

– Båtflyktningane i Middelhavet er ein brutal del av røynda, som ikkje skjer så langt unna oss. Vi treng å bli minna på det, seier Knut Refsdal.

Generalsekretær i Norges Kristne Råd, Knut Refsdal, heldt appell under minnemarkeringa for båtflyktningar fredag. Meir enn 5.000 flyktningar har drukna i Middelhavet i 2014 og 2015.
Generalsekretær i Norges Kristne Råd, Knut Refsdal, heldt appell under minnemarkeringa for båtflyktningar fredag. Meir enn 5.000 flyktningar har drukna i Middelhavet i 2014 og 2015.
Fleire klesplagg vart lagt ut i vasskanten ved operaen fredag, for å symbolisere flyktningane som har mista livet på ferda over Middelhavet.
Fleire klesplagg vart lagt ut i vasskanten ved operaen fredag, for å symbolisere flyktningane som har mista livet på ferda over Middelhavet.
Lemma Desta, leiar av Fleirkulturelt kyrkjeleg nettverk, er ein av dei som tok initiativ til fredagens markering.
Lemma Desta, leiar av Fleirkulturelt kyrkjeleg nettverk, er ein av dei som tok initiativ til fredagens markering.
Fleire møtte opp på operataket fredag føremiddag. Ifølgje Knut Refsdal, var det 60-70 frammøtte.
Fleire møtte opp på operataket fredag føremiddag. Ifølgje Knut Refsdal, var det 60-70 frammøtte.
Prest Dawit Haile frå den eritreiske kyrkja i Oslo hadde også liturgisk bøn på operataket fredag.
Prest Dawit Haile frå den eritreiske kyrkja i Oslo hadde også liturgisk bøn på operataket fredag.
Leiar i Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS), Ann-Magrit Austenå, heldt også appell fredag. Også Antirasistisk Senter var til stades under markeringa.
Leiar i Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS), Ann-Magrit Austenå, heldt også appell fredag. Også Antirasistisk Senter var til stades under markeringa.
Biskop Ole Christian Kvarme var éin av appellantane fredag.
Biskop Ole Christian Kvarme var éin av appellantane fredag.
Biskop Kvarme kastar ei rose i havet utanfor operaen i Oslo. Fleire klesplagg ligg i vasskanten, for å symbolisere liva som har gått tapt i Middelhavet.
Biskop Kvarme kastar ei rose i havet utanfor operaen i Oslo. Fleire klesplagg ligg i vasskanten, for å symbolisere liva som har gått tapt i Middelhavet.
Den gresk-ortodokse presten Alexandros Loukatos hadde liturgisk bøn under minnemarkeringa.
Den gresk-ortodokse presten Alexandros Loukatos hadde liturgisk bøn under minnemarkeringa.
Rosene ligg strødd i havet utanfor operaen i Oslo fredag, etter minnemarkeringa for båtflyktningar som har mista livet på veg til Europa.
Rosene ligg strødd i havet utanfor operaen i Oslo fredag, etter minnemarkeringa for båtflyktningar som har mista livet på veg til Europa.

Refsdal, generalsekretær i Norges Kristne Råd, var ein av appellantane under fredagens minnemarkering på operataket i Oslo.

– Vi ynskjer å markere Verdas flyktningdag for å minnast dei som døyr på vegen til Europa. I tillegg uttrykte eg eit ynskje om at Noreg skal ta eit større ansvar for verdas flyktningkrise, seier Refsdal.

LES OGSÅ: Afrika vil firedobles før år 2100

– Vi kan gjere meir

Refsdal er glad for at politikarane har blitt einige om å ta imot fleire syriske flyktningar. Men vi kan gjere meir, meiner han.

– Eg tenker at Norge gjerne kunne vore meir aktive i å finne felles, europeiske løysingar, og ikkje berre skyve byrda over på Italia, Spania og andre søreuropeiske land.

LES OGSÅ: Hull i Hornes flyktningtall

– Angår oss

Norges Kristne Råd var blant initiativtakarane bak markeringa.

– Kvifor gjorde dykk det?

– Båtflyktningane i Middelhavet er ein brutal del av røynda, som ikkje skjer så langt unna oss. Vi treng å bli minna på det. Det angår oss og det utfordrar oss som menneske i verdas rikaste land. Eg vil at dette skal angå meg. Eg ville bli avstumpa om eg berre lukka auga.

Over 3.000 menneske har mista livet i Middelhavet i 2014 og 2015.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Vil ikkje stå på sidelina

I skildringa av markeringa står det: «Som kyrkjer kan vi ikkje stå på sidelina og la denne situasjonen eskalere».

– Kva forskjell trur du ei slik markering kan gjere?

– Forhåpentlegvis kan det vere eit ledd, blant mange andre, som bidreg til å samle både kyrkjer og sivilsamfunnet til å legge ytterlegare press på norske myndigheiter. Det handlar om å bygge breie alliansar, og å gjere offentlegheita merksam på kva som skjer.

Ifølgje Refsdal har ikkje Norges Kristne Råd planar om fleire slike markeringar.

– Men dette er andre eller tredje året på rad vi markerer Verdas flyktningdag, seier han.

Verdas flyktningdag er kvart år, den 20. juni.

Powered by Labrador CMS