Justisminister Mehl lovar: Sender ikkje politi mot kyrkjeasylantar

KYRKJEASYL: KrFs Olaug Bollestad gjekk langt i å love amnesti. Sps justisminister Emilie Mehl fredar dei som sit i kyrkjeasyl, politiet vil ikkje hente dei ut med makt.

mehl
Justisminister Emilie Mehl (Sp) er ansvarleg for Norges asyl- og flyktningpolitikk - her vitjar ho Stovner politistasjon i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

På Finnsnes i Troms er familien Collin i ferd med å setje norgesrekord i kyrkjeasyl. Mor, far og dotter gjekk inn i Finnsnes kyrkje i 2014 og vil i løpet av 2022 ha sete i kyrkja i åtte år.

– Eg kom til Norge då eg var 21 år gammal. Eg har mista heile ungdomslivet mitt. Sju år i kyrkjeasyl burde vere nok, sa Dilani Johnson Collin til Vårt Land i fjor då dei hadde fått siste avslag frå Utlendingsnemnda (UNE).

Under eit valkampbesøk i fjor vitja KrFs nestleiar og statsråd Olaug Bollestad familien Collin og gjekk langt i å love ei løysing, eit amnesti.

Vil ikkje endre instruks

Justisminister Emilie Mehl (Sp) opplyser til Vårt Land, via statssekretær Astrid Bergmål (Ap), at regjeringa ikkje kan eller vil grip inn i einskildsaker. Mehl vil heller ikkje endre instruksen Justisdepartementet gav politiet i 1993. Han seier at politiet ikkje skal gå inn kyrkjer og hente ut kyrkjeasylantar med makt.

Dette skjedde i 2009 i Danmark: Justisministeren gav politiet ordre om å hente ut 18 mannlege kyrkjeasylantar frå ei kyrkje i København. Desse blei seinare returnerte til Irak. Med aksjonen blei kyrkjeasylet avvikla i Danmark.

Nei til politimakt

I 1993-instruksen frå dåverande justisminister Grete Faremo (Ap) står det:

«Av respekt for kirkene er det som hovedregel ikke aktuelt for politiet å gå inn i kirker og bedehus for med makt å hente asylsøkere som skal sendes tilbake til hjemlandet. Tilsvarende vil i utgangspunktet gjelde hvis asylsøkere har søkt tilflukt i kirkebygg tilhøyrande trosretninger utenfor Den norske kirke.»

Frps justisministrar i Solberg-regjeringa prøvde å få slutt på kyrkjeasylet, men oppheva ikkje instruksen.

Landbruksminister Olaug Bollestad besøker familien Collin Johnson som har sittet i kirkeasyl i FInnsnes kirke siden 2014.Dilani Collin Johnson
EINSKILDSAKER: I juni i fjor, under valkampen, møtte KrFs nestleiar og statsråd Olaug Bollestad Dilani Johnsen Collin, Merry Anjala Johnsen Collin og Antonipillai Johnsen Collin i Finnsnes kyrkje. – Ja, det er klart at me er der no, at for nokon er det aktuelt å få amnesti, sa Bollestad i kyrkja.

Ni aksjonar

Likevel har politiet henta ut personar frå kyrkjelege bygg fleire gonger.

  • I 2018 gjekk politiet inn eit bygg eigd av kyrkjelyden Nytt Liv i Fitjar kommune og henta ut ein afghansk familie.
  • I 2014 gjekk politiet inn i eit bygg eigd av Filadelfia Kristiansand og henta ut ei iransk kvinne.

Politiet forklarte begge gonger at det ikkje var vigsla kyrkjebygg, og med det ikkje omfatta av 1993-rundskrivet. Faktasjekken Faktisk.no har funne sju andre saker der politiet har aksjonert mot kyrkjer og kyrkjelege bygg.

I revisjon av 1993-instruksen blei det i retningsliner frå 1999 lagt til:

«Det presiseres for øvrig at «kirkens rom» er avgrenset og f.eks. ikke gjelder for leiligheter eller aktivitetsrom utenfor kirken.»

Kyrkjeasyl

  • Inneber at ei vigsla kyrkje kan fungere, i ein periode, som ein fristad der politiet ikkje går inn.
  • Innført i Norge med kristendommen.
  • Fekk fornya aktualitet i 1990-åra, flyktningar med asylavslag søkte vern i norske kyrkjer.
  • Politiet fekk i 1993 ein instruks frå Justisdepartementet om ikkje å gå inn i kyrkjer og hente folk ut.

Svarar på Mehls vegne

I etterkant av at Vårt Land melde at Collins feira jul i kyrkjeåsyl for åttande gong, stilte Vårt Land Senterpartiets Emilie Mehl, landets nye justisminister, tre spørsmål:

  • For å gjere slutt på årelange kyrkjeasyl kan du oppheve instruksen frå 1993 om ikkje å sende politiet inn i kyrkjer og hente ut folk – vil du gjere det?
  • Dersom nei, kvifor ikkje?
  • Kva er ditt syn på at personar med endeleg avslag kan unndra seg utreise ved å gå i kyrkjeasyl?

Statsråd Mehl svarar ikkje Vårt Land, men let Arbeidarpartiets statssekretær i departementet, Astrid Bergmål, svare:

«Regjeringen har ingen planer om å gjøre endringer i denne instruksen.

Alle som søker asyl i Norge får en grundig og individuell behandling. Det er UDI og UNE som fatter vedtak i utlendingsforvaltningen, og vi politikere skal ikke gå inn i enkeltsaker. Vår prioritet er å føre en rettferdig og helthetlig innvandringspolitikk, som er forutsigbar og ansvarlig, og som tar utgangspunkt i brede forlik i Stortinget», skriv Bergmål i ein epost.

Frimenigheten Nytt Livs bedehus på Fitjar i Hordaland.
AKSJON: I 2018 henta politiet ut ein afghansk familie frå dette bygget i Fitjar i Vestland.

Sat i nesten sju år

Apropos norgesrekord.

Den førre rekorden hadde iranske Shahla Valadi. Ho sat nesten sju år i kyrkjeasyl i pinseforsamlinga Filadelfia Mysen. Ho fekk til slutt opphald i 2007 - etter ei heilskapsvurdering av «medisinske forhold og oppholdstidens lengde».

Powered by Labrador CMS