Justis kutta støtte

Justisdepartementet støtta informasjonsarbeid i Afghanistan. Foreldre blei åtvare mot å sende barn til Vesten. Anders Anundsen (Frp) kutta støtta.

Blant flyktningar som kjem til Europa, er det mange tenåringar frå Afghanistan. Denne flokken er innlosjerte på eit mellombels mottak i Schisto i Hellas.
Publisert Sist oppdatert

– Tiltaket fungerte svært godt. UNICEF samla grupper med foreldre rundt om i Afghanistan til informasjonsmøte. Med på desse samlingane var unge afghanarar som hadde blitt sendt på flukt til Europa, utan å få opphald. På møta fortalte dei unge heimsendte om flukta og farane som venta, fortel generalsekretær Bernt Apeland i UNICEF.

– Kva skjedde med informasjonsstøtta?

– Den nye justisministeren, Anders Anundsen, kutta ho i 2014-budsjettet, fortel Apeland.

Han finn avgjerda underleg i lys av regjeringas iherdige arbeid med å få færre einslege mindreårige asylsøkjarar til Norge.

– Statsrådar snakkar mykje om å hjelpe folk der dei er.

Følg oss på Facebook og Twitter

Rettar

Det var dei raudgrøne som etablerte ordninga som gav UNICEF pengar til førebyggjande informasjonsarbeid i Afghanistan.

I det siste statsbudsjettet frå Stoltenberg-regjeringa presenterte dåverande justisminister Grete Faremo (Ap) ordninga slik:

«Som omtalt i (stortingsmeldinga, red.anm.) Barn på flukt kan særlig enslige mindreårige asylsøkere løpe en stor risiko i forsøk på å reise til Europa. Denne risikoen er ikke alltid kjent for familiene som sender sine unge ut på slike reiser. Justis- og beredskapsdepartementet har bl.a. derfor støttet en informasjonskampanje i Afghanistan. Målet er både å styrke barns rettigheter generelt, og å nå fram til de aktuelle familiene og miljøene med informasjon om risikoen barn løper ved å migrere alene. UNICEF er ansvarlig for gjennomføring av kampanjen. Det ble i 2011 tildelt 4,3 mill. kroner til dette.»

– Det var disse pengane vi hadde fram til regjeringsskiftet, fortel Apeland.

LES OGSÅ: Regjeringens storsatsing på retur av enslige mindreårige asylsøkere gjeld bare 12 barn

Krav

– Solberg-regjeringa planleg eit omsorgssenter i Afghanistan for returnerte barn, vil det vere tenleg?

– Berre om det er barnas beste, og ikkje til regjeringas beste, understrekar UNICEF-generalen.

Bernt Apeland stiller tre krav til eit slikt senter for at det skal ha ein god funksjon:

– Det må verne barna mot vald, det må gje eit godt utdanningstilbod og eit godt helsetilbod. Men når det er sagt er UNICEF skeptiske til senterplanen.

Powered by Labrador CMS