Journalist med band til Noreg fengsla i Etiopia
ETIOPIA: Etiopisk regjeringspoliti har fengsla journalist Amir Aman Kiyaro fordi han har intervjua kjelder frå opprørssida. Han er utdanna ved NLA i Kristiansand og har tette band til den norske studentorganisasjonen SAIH.

– Dette er eit rop om hjelp, som vi sender ut i samråd med familien til Amir. Verda må få vite om det som skjer, seier Hector Ulloa, leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), i ei pressemelding.
Journalisten Amir Aman Kiyaro var på jobb som frilansar for det internasjonale nyhendebyrået Associated Press (AP) 28. november då han vart gripen av etiopisk politi i hovudstaden Addis Abeba. Han har er skulda for å ha «gått ei terroristgruppe sitt ærend» ved å ha intervjua medlemmer i gruppa, skriv AP.
Gjennom statleg kontrollerte medium seier politiet at han og fleire andre namngjevne journalistar er arrestert for ikkje å ha retta seg etter unntaksfullmaktene president Abiy Ahmed si regjering innførte i november, og etter etiopiske anti-terrorlovgjeving, og at dei vil kunne blir straffa med 7 til 15 år i fengsel.
I ei uttale frå nyhendebyrået seier redaksjonssjef Julie Pace at AP er ekstremt bekymra over situasjonen, og at skuldingane mot Kiyaro er falske. Ho seier vidare at han er ein uavhengig journalist som har gjort viktig arbeid på begge sider av konflikten.
Gjekk på NLA i Kristiansand
Frå 2015 til 2018 budde Kiyaro i Noreg. Han studerte ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand gjennom Students at Risk-ordninga, som gjev forfølgde studentar høve til å fullføre studia i Noreg. Han var også aktiv som frivillig i SAIH.
Den norske studentorganisasjonen har hatt tett kontakt både med familien til Kiyaro og med AP sidan han vart fengsla. Dei har bidrege til forsøk på å få han frigjort gjennom diplomatisk middel. Av omsyn til dette, har arrestasjonen ikkje blitt rapportert i media før no.
Det er etter at etiopiske myndigheiter sjølve har gått ut med informasjon om arrestasjonen at AP og SAIH vel å gå ut med saka. Dette skjer i samråd med familien.
– Familien er bekymra for at myndigheitene skal halde Kiyaro i fengsel på ubestemt tid, utan rettssak. Det må ikkje skje, seier Ulloa.
Til Vårt Land seier kommunikasjonssjef Hilde Sofie Pettersen at dei no er opptekne av at historia som går ut gjennom offisielle etiopiske kanalar ikkje får stå uimotsagt.
SAIH lanserer i dag ein kampanje i sosiale medium for å bidra til merksemd rundt saka under emneknaggen #FreeAmirAmanKiyaro:
Omfattande unntaksfullmakter
Etiopia innførte unntakstilstand i november. Dette gjev regjeringa vide fullmakter til å bruke fengsling som verkemiddel.
Unntaksfullmaktene har blitt nytta til å avgrense mediedekninga av krigen, blant anna gjennom forbod mot å dele ikkje-offisiell informasjon om militære flyttingar og situasjonen på fronten, skriv AP. Utanlandske medium er blitt nekta tilgang til Tigray-provinsen.
Vårt Land melde førre veke at FN skuldar den etiopiske regjeringa for å ha arrestert naudhjelpssjåførar.
AP skriv at Kiyaro har dekka begge sider av konflikten aktivt, og at han blant har skrive saker om påståtte massedrap utført av tigrianske styrkar.
— Han er ein fritalande og fritenkjande person. Det skal ikkje vere straffbart. Han er journalist. Det skal ikkje vere straffbart. Amir Aman Kiyaro må lauslatast, seier Hector Ulloa