Innvandringsminister Kallmyr skryt av at han koplar returavtalar med bistand
Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) brukar statsbudsjettet til å skryte over at regjeringa har drege i land avtalar om retur av asylsøkjarar med endeleg avslag.

– Det er gjort viktige gjennombrot med enkelte opphavsland gjennom å integrere retur i det bilaterale samarbeidet Noreg har med aktuelle land, skriv Justisdepartementet (JD) og med det statsråd Jøran Kallmyr i budsjettproposisjonen som blei lagt fram på måndag.
Konkret kva land det er snakk kunne ikkje Justisdepartementet opplyse i går, men i 2020-budsjettet listar Kallmyrs departement opp land som har fått såkalla prosjekttilskot til migrasjonstiltak frå JD. Mellom dei er Somalia, Sudan, Etiopia, Marokko, Tyrkia, Irak, kurdiske sjølvstyrestyresmakter i Irak, Nigeria og Palestina.
LES MEIR: Kallmyr: – Eg kjem til å vere hard i klypa
Frp jubla for retur- og bistandpunkt i Granavollen-erklæringa
Solberg-regjeringas politiske plattform var knapt signert i januar før Framstegspartiet og KrF i februar byrja å krangle om innhaldet i dette punktet: «Bruke Noreg sin posisjon, mellom anna som bistandsytar, til å sikre fleire returavtalar og auke aksept for prinsippet om at alle land har plikt til å ta imot eigne borgarar.»
Frp-nestleiar Sylvi Listhaug jubla på eiga Facebook-side: «Nå skal vi bruke bistandspengene som et pressmiddel for å få på plass returavtaler for avviste asylsøkere». I fjor vinter, kort tid før ho gjekk av, vitja Listhaug Etiopia, Kenya og Sudan som innvandringsminister. Målet var å få i stand avtalar om retur av personar med endeleg asylavslag her i landet. Norge hadde då ikkje ein returavtale med Sudan.
KrF-minister avviste å bruke bistand som pressmiddel.
KrFs ferske utviklingsminister, Dag Inge Ulstein, var i februar sterk usamd i Frps tolking. Han tilbakeviste koplinga mellom bistand og returavtalar. Han sa til TV 2 at det er uaktuelt å bruke bistand som pressmiddel for å sikre fleire returavtaler: «Det er slik at utviklingspolitikken aldri er slik at vi skal bruke den for å få noe tilbake. Det er ikke egeninteressene våre som skal styre når vi skal innrette den.»
Ingen kommentar frå Ulstein på Vest-Afrika-reise
Statsminister Erna Solberg (H) strekte seg til å seie, til NRK, at «vi bruker bistandssamarbeidet vårt til å snakke med land, også om deres internasjonale forpliktelser. Og deres internasjonale forpliktelser er å ta tilbake borgere av deres land, som er avvist i vårt land. Det betyr at vi bruker den plattformen til å diskutere returavtaler også».
Vårt Land la i går fram Kallmyrs kopling mellom bistand og returavtalar fram for utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF), som er på reise i Vest-Afrika. Men han hadde ikkje høve til å kommentere regjeringskolleagens presentasjon.
LES MEIR: Frp vil ha nye regler for kriminelle asylsøkere
Regjeringa har fått på plass nye returavtalar
Punktet om retur og bistand i Granavollen-erklæringa kom med fordi Frp fekk gjennomslag for kravet. I budsjettproposisjonen for 2020 skriv Justisdepartementet, og med det Frp-statsråden:
«Eit viktig verkemiddel er å bruke Noregs posisjon, bl.a. som bistandsgivar, for å få på plass fleire returavtalar og arbeide for ei samordna tilnærming til migrasjonsutfordringane gjennom dialog og tiltak overfor slike land. Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har utvikla felles landstrategiar for retur til særleg utfordrande opphavsland. Resultatet av landstrategiane er at det er gjort viktige gjennombrot med enkelte opphavsland gjennom å integrere retur i det bilaterale samarbeidet Noreg har med aktuelle land. Dei felles landstrategiane for retur til særleg utfordrande opphavsland vart reviderte i 2019 og gjeld ut 2020. Regjeringa arbeider også med returavtalar med land utover landstrategiane. Departementet arbeider med å få til betre ordningar for retur og for velordna og trygg internasjonal migrasjon gjennom å gi tilskot til internasjonale organisasjonar og tiltak i land som inngår returavtalar med Noreg, og i land Noreg har migrasjonssamarbeid med.»