I september avgjer retten om familie med tre barn blir sendt til Irak. – Som å vente på ein dødsdom
TØNSBERG: Heile lokalsamfunnet har mobilisert for den jesidiske familien med tre norskefødde barna som i følgje Utlendingsnemnda sitt vedtak skal tvangssendast til Irak. No skal lagmansretten avgjere saka.

— Det er ei glede å få ein dato, men det er grufullt å måtte vente så lenge. Det er som å sitte i eit fengsel.
Det seier mor i familien Amat Nasser Atman, gjennom kontaktpersonen Ghazi Khder.
Han er ein av mange som er del i støttemiljøet rundt familien i Tønsberg. Vårt Land møtte familien i januar i fjor, og har følgt saka gjennom rettssystemet. Dei er også del av den nyleg publiserte dokumentarserien Uønsket på NRK.
Tapte i tingretten
Amat Nasser Atman kom til Noreg i 2012, og møtte her Dakhwaz Khirto, som har vore asylsøkjar sidan 2008. Dei er begge jesidiar, som er ei religiøs minoritetsgruppe i Irak. Saman har dei fått tre barn på 7, 6 og 2 år. Dei er alle fødde i Noreg.
Til Utlendingsnemnda (UNE) oppgav Atman at ho allereie var gravid då ho kom til Noreg, noko som ho seinare har medgjeve ikkje er riktig. Til Vårt Land har ho forklart at ho var redd for at barna skulle bli sende tilbake til eit IS-herja Irak, men UNE seier på si side at ho med medvit har gjeve uriktige opplysningar, og har derfor trekt tilbake det mellombelse løyvet om opphald som ho tidlegare hadde fått.
Som følgje av dette er familien utvist frå landet.
Då saka til familien vart handsama i Oslo tingrett i haust, vart det ikkje teke omsyn til at barna er fødde i Noreg og har tett tilknyting til lokalmiljøet i Tønsberg, og vedtaket om utvising vart halde oppe.

Massiv lokal mobilisering
Etter utvisingsvedtaket får familien inga fri rettshjelp, og har heller ikkje rett til å jobbe og tene eigne pengar i Noreg. Det var derfor ei stund usikkert om dei ville vere i stand til å betale for å anke saka vidare til lagmannsretten.
Etter ei massiv mobilisering i lokalmiljøet vart det samla inn 350.000 kroner frå 1.500 ulike gjevarar, og no har dei altså fått vite at saka skal opp i lagmannsretten i byrjinga av september.
Advokaten til familiane, Jan Fredrik Sand, er tydeleg på at omsynet til barna sitt beste burde tilseie at familien får bli.
— Desse barna er overmåte godt integrert, seier han til Vårt Land.
Rigid tolking av reglar
Han meiner retten har lagt til grunn ei overmåte rigid tolking av eit rundskriv frå Utlendingsdirektoratet (UDI), der det er sett ei grense for når barnets beste skal vere avgjerande i asylsaker på minimum 4,5 års butid og eitt års skulegong.
Eldstedotter mangla berre to månader på å ha fullført første skuleår då Une handsama saka. Innan saka kjem opp i lagmannsretten vil ho ha byrja i tredje klasse. Advokaten håpar derfor på eit anna utfall i lagmannsretten.
— Tingretten tok ikkje omsyn til det som vi meiner er saka, som er at omsynet til barns beste skal gå først. Det var mykje som ikkje kom fram i tingretten, som vi håpar vil komme fram i lagmannsretten, seier han.
Forsiktig optimisme
Kontaktperson Ghazi Khder seier at dei er forsiktig optimistiske om utfallet av saka. Han viser til at det har vore gjort fleire rettsavgjersler i det siste der omsynet til barnas beste har snudd om på utlendingsmyndigheitene sine vedtak — blant anna saka til Mustafa Hasan, som blei avgjort tysdag denne veka.
Samstundes stiller han spørsmål ved korleis folk som familien i Tønsberg skal klare seg gjennom rettssystemet når dei verken har rett på fri rettshjelp. eller kan tene eigne pengar.
— Folk har ikkje ein sjanse! Det er snakk om heilt sjuke summar.
Han fortel at lokalmiljøet gjennom fleire rundar no har samla inn nær ein halv million kroner for å hjelpe jesidi-familien.
— Dei seier til meg at dei ikkje veit korleis dei skal få takka støttegruppa som har stilt opp for dei. Dei kunne aldri ha klart å køyre denne saka aleine, seier Khder.