Horne opnar for å tvangsplassere 900 asylbarn
På norske asylmottak bur det i dag 911 barn som har fått opphald. Men Kommune-Norge vegrar seg mot å ta imot dei. Desse får ikkje eit naturleg liv slik andre ungar har, åtvarar UDI. Inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) vurderar no å tvinge kommunar til å opne dørene.

No finn barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) fram ei mangslungen politisk verktøykasse for å løyse floken.
– Vi kan ikkje stå inne for denne situasjonen, seier statsråd Horne.
Ho vonar på frivillige tiltak - få Kommune-Norge til å svare ja på førespurnadane om å ta i mot fleire flyktningar med opphaldsløyve.
– Men får vi det ikkje til på den måten, må vi vurdere å bruke litt tvang, seier Horne.
Ho er også open for å la flyktningar få velje sjølve kvar dei vil bu, slik ein gjer det i Sverige.
Tronge portar. Asylporten inn til Norge er trong. No opplever mange flyktningar at porten inn i Kommune-Norge er endå trongare.
Mange av dei som blir ramma hardt av busetjingsvegringa, er barn og unge. På norske asylmottak bur det i dag 911 barn som har fått opphaldsløyve i Norge, opplyser Utelendingsdirektoratet (UDI) til Vårt Land. Totalt ventar over 5.000 flyktningar på busetjing.
– Barn som har fått opphald skal bu i ein kommune, ikkje på eit asylmottak. No opplever alt for mange barn at livet står på vent, seier assisterande direktør Birgitte Lange i UDI.
Seier nei. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) sende i april i fjor brev til kommunane og oppmoda dei busetje fleire i åra 2014-2016. Då svarfristen gjekk ut i oktober, hadde berre halvparten svart på brevet. Av dei hadde halvparten gjort vedtak om å busetje færre enn det IMDi ba om. Sju sa også nei til å ta i mot flyktningar.
Vegringa fekk Horne til å setje ned eit statssekretærutval som skal vurdere nye busetjingstiltak. Samstundes gjekk ho ut med ein appell til landets kommunar om å ta ein busetjingsdugnad.
– Onsdag skal eg ha eit møte med IMDi for å få status på kor mange nye kommunar som har sagt ja, fortel Horne.
Naturleg liv. I UDI er dei også utålmodige på vegne av barna som har fått opphald i Norge saman med foreldra. Assisterande direktør Birgitte Lange seier barna som ventar, ikkje veit om dei skal flytte neste veke eller neste månad eller om eit halvt år.
– Konsekvensen er at dei ikkje får eit naturleg liv slik andre barn har. Dei slit med å starte i idrettslaget eller byrje i korpset eller ein annan organisert fritidsaktivitet. For dei veit ikkje kor lenge dei kan drive med aktiviteten før dei skal flytte til kommunen som seier ja til å ta i mot dei.
No går UDI ut med ei sterk oppmoding til landets ordførarar:
– Gjer alt de kan for å ta i mot barn og deira foreldre.
Fleire bur lenge. Lange er glad for at statsråd Horne har sett ned eit statssekretærutval som skal få opp tempoet i busetjinga av flyktningar.
– Men faren er at dette arbeidet går for seint, og at 2014 går og det blir 2015 før vi ser at fleire flyktningar får ein bustadkommune.
– Difor vonar vi kommunane no prioriterer særleg barna, seier Lange.
Ho opplyser at problemet med å få barn og deira foreldre ut i ein kommune, har blitt større dei seinare åra.
– Fleire flyktningar blir buande lenge på mottak no enn tidlegare.