Her lever svart slaveri i dag
400 år etter at første slavelast nådde USA, strøymer amerikanarar til afroamerikanske museum. Svart museumsdirektør trur til og med den kvite presidenten kan lære meir.
– Eg er så spent, å, kor eg gler meg.
Kvinna står i køen som slangar seg utanfor den brune kubeforma byggningen som ber eit namn av det lange slaget, National Museum of African American History and Culture.
Ho har reist til Washington med eitt mål for augo; gå på museet som viser dei svartes historie.
– Eg tok ut ein fridag for å kome hit.
Saman med henne er familien; mann, mor, far, barn og bestemor. Alle har forfedre som kom på skip over havet. Frå Afrika.
LES MEIR: Vil moderne slaveri til livs
Menneskesal
Nesten 300 kilometer lenger sør, på kysten av den amerikanske delstaten Virginia, samlar folk seg til dystre markeringar. I august er det 400 år sidan det britiske skipet White Lion ankra opp ved staden som i dag heiter Point Comfort. Ombord var om lag 20 personar som hadde blitt tekne som fangar i det som i dag er Angola.
Gruppa blei ført i land, og selt. Betalinga var mat og forsyningar til mannskapet på White Lion. Vel i hamn blei dei sendt til plantasjar i Virginia. I lenker.
Handelen med menneske var eit faktum. USAs appetitt på svart arbeidskraft viste seg å vere umetteleg. I løpet av drygt 245 år med slaveri, levde kring fire millionar menneske i ufridom.
Slaveriet blei avskaffa i heile USA i 1865, året borgarkrigen slutta. Men undertrykking av svarte heldt fram.
Åtte høgder
På National Museum of African American History and Culture i hovudstaden Washington går heisen ned til etasjen der historia startar: Slaveri og fridom 1400–1877.
Utstillingane i etasjen over ber overskrifta Forsvare fridom, definere fridom, åra med segregering 1876 –1968. På tredje nivå går ein inn i notida: Eit endra Amerika: 1968 og åra etter. Så kjem fem høgder med galleri og skiftande utstillingar.
Nybygging
Etter at Barack Obama, USAs første svarte president, opna det nasjonale museet for afroamerikansk historie i 2016, har landet fått fleire museum som er via til dei svartes historie.
I 2017 opna Mississippi Civil Rights Museum i Jackson, Mississippi, eit museum som viser fram borgarettskampen.
I fjor opna The National Memorial for Peace and Justice i Montgomery i Alabama, eit museum som viser fram arven etter menneske som bar lenker, etter menneske som blei offer for folkemobben, om lovverket som segregerte svarte og kvite, om politivald.
Neste år opnar National Museum of African American Music dørene i Nashville, Tennessee.
– Landet er i endring. Det ser på seg sjølv på andre måtar enn det historisk sett har gjort.
Slik forklarar Brian Carter, president i Association of African American Museums. Carters kollega John Dichtl, president i American Association for State and Local History, seier det slik:
– Relevant historie er inkluderande historie.
Interesse
Når museumsforeiningsleiarar konkretiserer den sterkt veksande interessa for det afroamerikanske, listar dei opp:
Barack Obamas åtte presidentår.
Ei rekkje 50-årsmarkeringar for borgarrettsmilepælar.
Black Lives Matters-rørsla.
Kontroversane rundt sørstatsmonument.
Protestane til svarte spelarar i amerikansk fotball.
Det høgreekstreme angrepet i Charlottesville i 2017.
LES MEIR: – Bibeloversettelse dekker over slaveri
Utdanne
Mannen som blei USAs 45. president er ikkje kjent som ein ivrig historiestudent, men Lonnie Bunch, museumsstyraren som bygde opp National Museum of African American History and Culture i løpet av 11 år, takka ja til å vise Donald Trump rundt då han kom på vitjing kort tid etter innsetjinga:
– Eg er museumsdirektør og historikar, eg trur at jobben min er å utdanne alle.
Sidan opninga i 2016 har vel fire millionar menneske køa inn museumsdørene i Washington for å gå inn i ei 400 år lang svart historie.
Når Bunch blir konfrontert med Trumps rasistiske utsegner, svarar han slik:
– Når du ser på historia om rase i Amerika, menneska som gjekk tapt, valden, dei mislukka, dei knuste vonene, må du vere optimistisk fordi du innser at folk held fram med å kjempe for at Amerika lever opp til dei uttalte ideala.
No blir Lonnie Bunch toppsjef på Smithsonians Institution, paraplyen over 19 museum, inkludert museet han bygde opp. I 173 år har berre kvite fylt prestisjevervet. Lonnie Bunch er svart.
Kjelder: Smithsonian, Hampton History Museum, The Pew Charitable Trusts, The Guardian, The Independent, NTB
Washington