Har tre «alarm-
knappar»

Tre organisasjonar har på eige initiativ starta å registrere hatkriminalitet i Norge.

Paraden er høgdepunktet på Oslo Pride, her frå paraden i fjor. Men lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i Norge opplever å bli krenga, til dels grovt.
Publisert Sist oppdatert

Politiet strevar med å prioritere arbeidet med hatkriminalitet. Noko av problemet skuldast at justisministeren ikkje ber dei gjere det, fortalde Vårt Land i januar.

Vårt Land har gått gjennom Justisdepartementets til­delingsbrev til Politidirektoratet og Riksadvokaten for 2015. Desse to dokumenta legg rammene for kva politiet og påtalemakta skal prioritere og målast på. Hatkriminalitet er ikkje prioritert i 2015-breva.

LES OGSÅ: Sterk vekst i hatkrim mot kristne

Alarm, alarm

Tre organisasjonar – der den eine er eit trussamfunn – har på eige initiativ oppretta «raude knappar» mot hatkriminalitet på eigne nettsider:

• LLH - Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner har det dei kallar ein «Si i fra»-knapp. På heimesida står denne oppfprdringa:

«Har du opplevd å bli tråkket på?» Trykk på Si ifra»-knappen, del din historie, og stedfest hvor handlingen tok sted. Hjelp oss å hjelpe andre.»

• Antirasistisk senter har ein «meld-frå-om-rasisme»-knapp på nettida. «Har du vært utsatt for rasisme eller vært vitne til en rasistisk handling?» spør organisasjonen. Dei som meiner at dei er det blir bedne om å rapportere dette til senteret.

• Det mosaiske trossamfunn har også ein nasjonal «alarmknapp», ei eiga nettside der ein kan melde frå om antisemittisme:

«Antisemittiske handlinger og ytringer omfatter fysisk trakassering, verbal trakassering, psykisk trakassering og diskriminering av personer fordi de er jøder. Dersom du har opplevd slik trakassering, oppfordrer vi deg til både å rapportere til oss – bruk skjemaet nedenfor - og til å anmelde forholdet til politiet».

Forsking

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) har leverte ein analyserapport, Hatytringer og hatkriminalitet, om stoda i Norge. Her skriv ombodet at røynslene med hatkrim som desse tre organisasjonane samlar inn, ikkje blir brukt godt nok.

LDO meiner dokumentasjonen burde blitt brukt av forskingsinstitusjonar.

Powered by Labrador CMS