Har kjørt 74 brannbilar til Ukraina
KRIG I EITT ÅR: Joakim Sandodden samlar inn brannbilar og livreddande utstyr som blir kjørt til Ukraina. Russland går målretta etter ukrainske brannmannskap og brannstasjonar.

– Før krigen var eg oppteken av meg og mitt, mitt firma og min økonomi. No er eg med og reddar liv.
Joakim Sandodden er mellom dei mange som blei gripne av krigen som verda vakna opp til 24. februar i fjor. Trønderen parkerte transportfirmaet og blei hjelpearbeidar på heiltid.
– Eg lever på sambuaren, vedgår han.
Engasjementet har fødd organisasjonen Norsk-Ukrainsk Brann- og Ambulansestøtte (Nubas). Hovudtyngda av medlemmene arbeider i blålysetatane; brann, ambulanse og politi. Sandodden sit i styret.
Behovet for utrykningskjøretøy, brannbilar og ambulansar, er enormt i Ukraina.
På eitt år med krig har heile 1.671 brannbilar og 442 ambulansar blitt øydelagde – og talet stig kvar dag, melder frivilligorganisasjonen LUkraine ifylgje Brussels Times.
Sjå norske brannbilar og utstyr i bruk i video lenger ned i artikkelen.

Vidfemnande norsk frivilliginnsats
Dugnad er kåra til Norges nasjonalord. I eitt år har frivillige organisert alt frå innsamling av naudprevensjon – russiske soldatar brukar valdtekt som våpen – til kamp- og overvakingsdronar. Mange har transport klede, medisinsk utstyr, vedomnar og aggregat til Ukraina, medan andre kjører flyktningtransport andre vegen.
Atter andre har trekt i ukrainsk uniform og fått utlevert våpen. Alle står opp for Ukrainas fridomskamp.
Nubas er blitt hjelpemiddelsentral for ukrainske brannvesen aust i landet, og for fleire sjukehus i regionen.
– Me leverer brannbilar og alt utstyr eit brannkorps treng, fortel Joakim Sandodden til Vårt Land.
SJÅ BRUK AV NORSK UTSTYR: Brannvesenet i byen Kryvvj Rih sløkkjer brann i oljeraffineriet utanfor byen. Brannbilar og alt utstyr som blir brukt, kjem frå Norge.
Får brannbilar gratis
Brannbilane kjem frå kommunale brannvesen i Norge. Anten blir dei fasa ut av dagleg bruk, eller henta frå lager. Fleire brannvesen har forsert innkjøp av nye bilar for å gje den gamle til Nubas. Alle er godt brukte, men langt frå oppbrukte.
– Bilane får me gratis, som gåver me kan gje vidare, fortel Sandodden.
Sidan oppstarten i fjor har organisasjonen kjørt heile 80 kjøretøy til Ukraina: 74 brannbilar, fem ambulansar og ein minibuss.
– Ambulansane har me kjøpt med innsamla midlar.

Før krigen var eg oppteken av meg og mitt, mitt firma og min økonomi. No er eg med og redde liv
Joakim Sandodden, Norsk-Ukrainsk Brann- og Ambulansestøtte
Samlar inn millionar
Siste tur gjekk i byrjinga av februar. I den åttande kolonna rulla 25 utrykningskjøretøy frå lageret Nubas hadde i Rakkestad i Østfold, til Ukraina.
Samstundes hyrte Nubas inn ukrainske transportselskap som kom til Norge og frakta ned 44 tonn utstyr på trailer: Straumaggregat, brannklede, hjelmar, vernesko, varmeomn, lysutstyr, førstehjelpssett, sløkkjeutstyr, motorsager og bårer.
– Me prøver å levere alt som trengst, og det trengst svært mykje, seier Sandodden.
– Fire sjukehus har fått naudstraumsaggregat frå Norge, via oss. Mykje er finansiert med rause gåver.
Nubas har næringslivet med på laget. Frå heile Norge kjem det donasjonar av pengar. På Facebook-sida til organisasjonen blir summar på fem og seks siffer lista opp.
– Me har samla inn millionar som er brukt til å kjøpe utstyr. Men me får også mykje utstyr frå brannvesen rundt om i Norge, seier Sandodden.
Brannvesen er mål for russisk angrep
Bilane og utstyret frå Norge er kjærkomme i Ukraina. Heilt sidan krigen for eitt år siden, har brann- og redningstenesta vore mål for russiske rakettangrep.
– Brannmannskap må leike katt og mus med russiske styrkar, med eige liv som innsats. Mange stader må brannvesen operere ut frå ad hoc-stasjonar, for blir dei på brannstasjonen, blir han bomba, fortel Sandodden.
Mange lokale brannvesen opplever at også at når dei rykkjer ut for å sløkkje brannar og redde liv, så kjem angrep nummer to: No er livreddarane målet.
– Difor brukar ukrainske brannmannskap skotsikre vestar.

Blir med på ubestemt tid
Kryvyj Rih er ein av byane som har fått norske brannbilar. Då Nubas kjørte den åttande kolonna med bilar til Ukraina no i februar, måtte brannvesenet rykkje ut og sløkkje brann etter rakettangrep.
Åtte av 11 brannbilar som rykte ut var norske.
– Dette motiverer oss sterkt.
Frå brannvesenet i Kryvyj Rih kjem det varmande ord til dei norske eldsjelene. Takka vera hjelpa klarar ukrainarane å redde liv.
– Eg skal vere med så lenge det er behov, seier Joakim Sandodden.
No planlegg han kolonne nummer ni.
