Han var soldat i Gaza i Israels krig mot Hamas
BAKKEKRIG: Israelske soldatar samlar seg no rundt Gaza. Dei ventar på ordren «gå inn». Bjørn Godeseth har vore der, som soldat i Israels hær.

Oktober 2023. – Eg kjenner på ei uro i kroppen. No skulle eg gjerne ha stått saman med våpenbrørne mine, med søskenbarna mine, stått og sett inn i Gaza, vore klar til kamp, mot Hamas.
Men Bjørn Godeseth skal ikkje inn i Gaza. Ikkje denne gongen. Ikkje i denne krigen.
Reservesoldaten blir heime i Stavanger, sjølv om han har fått innkallinga. Når krise eller krig trugar, kallar Israels væpna styrkar (IDF) inn reservistane. Men dei som bur i utlandet kan seie nei.
– Eg reiser ikkje ned av omsyn til familien min her i Norge. Men er kjenner på dårleg samvit.
Terrorstempla Hamas skal knusast
Israel bur seg. Stridsvogner er kjørt fram. Artilleri er fullada. 360.000 reservesoldatar er mobiliserte. Mange har reist heim frå land verda over. Saman med dei står 170.000 soldatar i dei ståande styrkane. Mange er unge vaksne, vernepliktige menn og kvinner, 19, 20, 21 år gamle.
Alle berre ventar, ventar på at Israels øvstkommanderande skal kunngjere dei forløysande orda. Gå inn, inn i Gaza.
Oppdraget er allereie formulert av statsminister Benjamin Netanyahu:
«Hamas skal bli knust.»

Sint på verda som ikkje brydde seg
Januar 2009. – Eg veit korleis det er å stå å vente, som israelsk soldat, på å bli sendt inn i Gaza, vente på at det ein har øvd på, terpa på, skal bli brukt.
Bjørn Godeseth hugsar tilbake til Gaza-krigen mellom Hamas og Israel ved årsskiftet 2008–2009. Han var 21 år gammal, nesten ferdig med verneplikt nummer to.
Han var trent for krig.
– Eg var sint. Eg var sint på at verda ikkje brydde seg, om at Hamas let rakettane hagle inn over Israel.
Eg veit korleis det er å stå å vente, som israelsk soldat, på å bli sendt inn i Gaza, vente på at det ein har øvd på, terpa på, skal bli brukt
Bjørn Godeseth
Krigen starta midt i jula
Sommaren 2008 blei Israel og Hamas samde om ein seks månadar lang våpenkvile etter at Israel hadde gjennomført militære aksjonar mot Gaza, som svar på rakettangrep frå det palestinske sjølvstyreområdet.
Hamas nekta i desember å forlenge våpenkvileavtalen, og skulda Israel for å ha brote han. Etter nye rakettangrep innleia Israel 2. juledag bombeangrep mot Gaza.
– Oppdraget vårt var todelt. Me skulle gå inn i Gaza for å ta ut Hamas, og samstundes få ut Gilad Shalit, fortel Godeseth.
Gilad Shalit var ein israelsk soldat som blei tatt til fange og ført til Gaza i 2006, som gissel hjå Hamas.
Familien budde i Israel
Bjørn Godeseth ber med seg tre identitetar. Han er norsk, han er israelar – og han er jøde.
– Eg reknar meg som kulturell jøde, eg prøver å leve etter kosherreglane, men det er vanskeleg i Norge.
Godeseth har dobbelt statsborgarskap, han har norsk mor og israelsk far. Mora reiste som ung til Israel for å bu og arbeide på ein kibbutz. Her møtte ho han som blei mannen hennar, saman stifta dei ein familie.
Bjørn Godeseth er fødd i Norge, men flytta til Israel åtte dagar gammal. Då han var halvtanna år valde familien å returnere til Norge.
– Men kontakten med Israel var og er sterk. I alle år reiste me til landet for å vere saman med fars familie. Noko eg har halde fram med saman med min familie.

Utvald til elitesoldat
Etter vidaregåande i Norge trekte Godeseth i kongens grøne klede. Sommaren han dimmiterte frå førstegongstenesta gjekk turen til Israel, saman med faren.
Forteljingane til faren og onklane, om nasjonen Israel, om plikt, om militærtenesta motiverte 20-åringen frå Norge, som både snakka og skreiv hebraisk. Han søkte IDF om å få bli vernepliktig soldat, i Israels hær.
IDF svarte ja, for Godeseth hadde israelsk statsborgarskap. Norsk lov hindra han heller ikkje.
Seleksjonen viste at nordmannen frå Stavanger var skikka til å bli soldat i den spissaste enden av det israelske forsvaret. Han blei innrullert i ei eliteavdeling, han fekk dei synlege teikna på at han var mellom dei få utvalde: Vinraud beret, vinraude marsjstøvlar.
– Eg blei fallskjermjeger.
«Eg var trent, og eg var budd»
I desember 2008 fekk avdelinga til Godeseth beskjed: Gjer dykk klare for Gaza, det blir bakkeinvasjon, de går inn først.
– Eg fortalde at eg var sint før me gjekk inn. Men då dagen for invasjon nærma seg hadde eg ingen sterke kjensler. For eg var trent, og eg var budd. Eg visste kva eg skulle.
29. desember erklærte Israel krig mot Hamas. 3. januar 2009 gjekk Bjørn Godeseth inn i Gaza. Han var i strid for det andre heimlandet.
Fattige valde å bli i husa
– Det blei skotvekslingar på vegen inn. Ja, eg har drepe Hamas-krigarar. Me gjorde det me var trente til å gjere.
Bjørn Godeseth er nøktern med orda. Han går ikkje i detalj. Han fortel av troppen hans tok seg fram til staden inne i Gaza dei skulle operere ut frå.
– Mange av husa me passerte var tomme, folk hadde reist til tryggare stader. Huset me såg oss ut som base var ikkje tomt. Då me opna døra såg me inn på eit 30 tals redde menneske, samla i eit rom på 40–50 kvadratmeter. Dei fattigaste hadde valt å bli. Me samla dei saman, sende dei ut mot grensa til Israel.
Eg reknar meg som kulturell jøde, eg prøver å leve etter kosherreglane, men det er vanskeleg i Norge
Bjørn Godeseth
Hamas-krigarane gøymde seg mellom sivile
Liggjande på taket såg Bjørn Godeseth korleis Hamas-krigarar gøymde seg mellom sivile.
– Grupper med kvinner gjekk i gatene med kvite flagg for å kunne ta seg trygt fram. Inne i gruppene gjekk menn med grøne band rundt hovudet og AK47 i hendene. Ordren på sambandet var «ikkje skyt».
Godeseth fortel at møta med Hamas-krigarane i Gaza merka han.
– Ideologien deira er inhuman, dei fremmar vondskap. Kort sagt kan ein samanfatte det slik: Den gode jøden er den døde jøden. Sjå berre på terrorangrepa mot Israel for ei veke sidan.

Skulle jobbe i antiterrorpolitiet
Etter 22 dagar kom meldinga over sambandet: Våpenkvile. Hamas og Israel blei samde om å leggje ned våpena.
Bakkekrigen i Gaza var over. Men IDF hadde ikkje løyste oppdraga. Hamas heldt fram å styre Gaza, og soldaten Gilad Shalit blei ikkje funnen. Først i 2011 blei han slept fri frå fangenskapet i Gaza.
Han blei utveksla med 1.000 palestinarar som sat i israelske fengsel.
Då Godeseth dimmiterte frå IDF fekk han eit jobbtilbod frå antiterrorpolitiet i Israel. Han skulle berre ein snartur heimom Norge for å ta seg inn att etter åra som fallskjermjeger, etter dagane med krig i Gaza.
Han reiste aldri tilbake til politijobben.
Har snakka med dei som no ventar
– I Stavanger møtte eg ho som blei sambuaren min, så blei eg far. Livet mitt blei i Norge, ikkje i Israel.
Difor svarte Bjørn Godeseth nei då innkallinga til IDF kom denne veka.
Men han tenkjer mykje på dei han var saman med i Gaza i januar 2009. Dei skal inn, igjen.
– Eg har snakka med fleire. Dei er budde.