Han gav 200.000 til Dei Kristne
Næringslivsleiar Morten Freberg har gjeve 200.000 kroner til Partiet Dei Kristne. Vil aldri støtte KrF.

Ved stortingsvalet i 2017 samla Partiet Dei Kristne (PDK) ei nasjonal oppslutning på 0,3 prosent – og gjorde det best i Vest-Agder med 0,8 prosent av røystene.
Giverne
For å ruste partiet til kommune- og fylkestingsvalet har ein privatperson og eit firma gjeve PDK 250.000 til no. Miljø-IT-selskapet Reknes har gjeve fylkeslaget i Møre og Romsdal 50.000 kroner medan næringslivsleiaren Morten Freberg har gjeve 200.000 kroner til partiet sentralt, viser valkampbidragsregisteret på Partifinansiering.no.
Freberg er maskinentreprenør og aktiv i PDK. Han var fylkestopp i Vestfold ved stortingsvalet, og er no kommunelistetopp for PDK i Tønsberg. Pengegåva er frå han som privatperson.
Beskjed fra Gud
– Kvifor har du gjeve 200.000 til PDK?
– Eg er berre ein forvaltar, og Gud har bedt meg om å støtte partiet økonomisk.
Freberg seier han aldri kunne ha støtta KrF økonomisk etter at tidlegare partileiar Knut Arild Hareide i fjor haust opna for å samarbeide med Arbeidarpartiet.