Fugleinfluensa påvist i Trøndelag

TRØNDELAG: Testar Mattilsynet har utført, stadfestar at måkar som vart funne døde i Rørvik i Trøndelag, var smitta av fugleinfluensa.

Det pågår et stort fugleinfluensautbrudd i Vadsø kommune i Finnmark. Mandag ble det bekreftet at døde fugler i Rørvik i Trøndelag også var smittet av samme sykdom. Foto: Øyvind Zahl Arntzen / NTB
RØRVIK: Det pågår et stort fugleinfluensautbrot i Vadsø kommune i Finnmark. Måndag blei det bekrefta at døde fuglar i Rørvik i Trøndelag også var smitta av same sjukdom.
Publisert Sist oppdatert

Måkar av typen krykkje er funnen døde over heile Nord-Noreg dei siste vekene etter eit stort utbrot av dødeleg fugleinfluensa. Førre veke vart det også funne fleire døde fuglar i sentrum av Rørvik i Nærøysund i Trøndelag. Måndag stadfestar Mattilsynet til Namdalsavisa at også desse fuglane var smitta av fugleinfluensa.

Irene Skei Mjømen er fungerande avdelingsleiar i Mattilsynet i Namdalen. Ho seier til avisa at folk ikkje treng å vere redd for at viruset skal smitte over til menneske. Ho ber likevel folk om å vere merksame og passe på at barn og dyr ikkje kjem kontakt med dei døde fuglane.

I Finnmark er det oppstått massedød blant smitta fuglar, i all hovudsak blant den allereie utryddingstrua krykkja. I helga vart Sivilforsvaret sett inn i Vadsø for å plukke opp døde fuglar.

Powered by Labrador CMS