Folk i Finnmark og Nord-Troms kan få sletta dobbelt så mykje av studielånet

Regjeringa vil auke sletting av studiegjeld i Lånekassen frå 10 til 20 prosent for personar som bur og arbeider i Finnmark og Nord-Troms.

Vedum
DEBUTERER: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum foreslår torsdag sitt første statsbudsjett.
Publisert Sist oppdatert

I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa også auke det maksimale beløpet ein kan få sletta per år frå 25.000 til 30.000 kroner.

– Dette vil gjere det meir attraktivt for unge med barn å busetje seg i dei nordlegaste regionane, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Regjeringa foreslår også gratis barnehage for alle familiar med barn i Finnmark og Nord-Troms.

Powered by Labrador CMS