Flyktar ikkje til Europa - verda gløymer Aust-Kongo
120 væpna grupper krigar i mange ulike konfliktar og 2 millionar menneske er på flukt. Aust-Kongo er ei krise som «ingen» bryr seg om.

Utan at så mange har fått det med seg har ei stor humanitær krise vakse fram i Den demokratiske republikken Kongo. Over 4 millionar menneske har blitt nøydde til å flykte frå heimane sine, på grunn av fleire væpna konfliktar ulike stader i landet. Aller verst akkurat no er situasjonen aust i det afrikanske landet.
Her har det meir eller mindre vore valdelege konfliktar i 20 år. Men dei siste to åra har nye konfliktar blussa opp, og no er 2 millionar menneske på flukt. Det er det ikkje mange som har fått med seg.
LES MEIR: DR Kongo er flyktningkrisa som går under radaren
Stort behov
– Konfliktane i området har pågått over lang tid, og då får dei mindre merksemd etterkvart. Få veit at det no er like mange som har behov for hjelp i Kongo som i Syria, seier Tiril Skarstein, leiar for media og påverknad i Flyktninghjelpa.
FN seier at 13 millionar menneske no har behov for naudhjelp i landet, som for tida er det same som behovet for naudhjelp i Syria.
Ifølgje Skarstein er éi av grunnane til at krisa er gløymt, at dei som er råka av konfliktane ikkje flyktar til Middelhavet og til Europa.
– Dei fleste flyktar inne i eige land, og til nabolandet Uganda. Det er få kongolesarar som kjem til Norge. At dei færraste kjenner ein flyktning frå Kongo, gjer at situasjonen i Kongo får mindre merksemd og mindre hjelp, seier ho.
LES MEIR: Flyktningar møter meir vald
Sjukdom
Millionar som flyktar, og mangel på mat og hus gjer at folk er ekstra sårbare for sjukdomar. No er landet inne i det største utbrotet av tarmsjukdomen kolera på 20 år, så fleire enn vanleg har behov for helsehjelp.
– Vi jobba først med mange helseutfordringar, men måtte snu merksemda mot kolera, fordi det vart så stort behov for det. Utbrot av kolera er knytt til dårlege sanitærforhold og dårleg drikkevatn. Og problemet blir forsterka av at folk er på flukt, seier Zazie Meszaros, som nyleg har vore sjukepleiar for Leger uten grenser på eit sjukehus i Aust-Kongo.
Ho fortel at mange også har lungebetennelse og er underernærte, og difor meir sårbare for andre sjukdomar, som til dømes tuberkulose.
Valdtekter
Spesielt kvinnene er utsette, då det ikkje berre er sjukdomar og mangel på riktig næring som trugar dei.
– Nesten alle kvinnene vi hadde inne på sjukehuset då eg var der har vore utsett for ei valdtekt. Nokre av barna blir oversett av mødrene på grunn av at dei er resultat av valdtekt. Vi prøver å hjelpe mødrene med å knyte band til barna, slik at dei kan få meir hjelp, seier sjukepleiaren.
Vårt land har tidlegare skrive om konflikten i Aust-Kongo, og at seksuell vald med valdtekt som maktpolitisk våpen har vore brukt av militssoldatar. Ifølgje Meszaros er det ikkje berre soldatar kvinnene er redde for.
– Det er ikkje berre militsgrupper, bandittar og militæret som er valdtektstrugslar. Også generelt i samfunnet er kvinner veldig utsett for valdtekter, seier ho.
Kaotisk
Dei konfliktane som har blussa opp i fleire regionar aust i Den demokratiske republikken Kongo, er hovudsakleg etnisk motiverte. 120 ulike væpna grupper kjempar mot kvarandre i ulike område, og lokale innbyggjarar i landsbyar har òg blitt angripe.
Programansvarleg for Flyktninghjelpa i Aust-Kongo, Bouthaïna Toujani, fortel på telefon frå Aust-Kongo at det er kaotisk når det er mange ulike konfliktar på same tid.
– No er det vanskelegare å ha oversikt over konfliktane og det er vanskelegare å få tilgang til områda der det er kampar. Då veit vi mindre om kva det er behov for, seier ho.
Ifølgje Flyktninghjelpa er berre 20 prosent av behovet for naudhjelp i landet dekka for i år.
– Mat er ikkje tilgjengeleg i desse områda fordi mange av bøndene har flykta og jordene blir liggjande udyrka. Det er store problem med underernæring, men vi har ikkje ressursar til å hjelpe. No må vi bestemme oss for kva grupper vi må oversjå, seier Toujani.