Får ramsalt kritikk
I over 20 år har prost Trond Bakkevig vore tilretteleggar for eit dialogprosjekt mellom israelske og palestinske religiøse leiarar. Prosjektet blir fillerista i fersk evaluering.

22 år og 24 millionar kroner. Så lenge har prosjektet vart, så mykje har det kosta Utanriksdepartementet.
I 1995 initierte Mellomkyrkjeleg Råd (MKR) – «utanrikstenesta» til Den norske kyrkja – eit dialogarbeid i Midtausten. MKR ba sokneprest Trond Bakkevig om å organisere samtalar mellom jødar, kristne og muslimske leiarar. Bakgrunnen var at MKR arrangerte ein konferanse om Oslo-avtalen og religion etter fredspristildelinga til trioen Yasser Arafat, Shimon Peres og Yitzhak Rabin i 1994.
I 2005 blei dialogarbeidet formalisert i Council of Religious Institutions of the Holy Land (CRIHL) – eller Rådet av religiøse institusjonar i Det heilage landet, der desse er med: Sjefsrabbinatet i Israel, leiarar for kristne kyrkjer og det palestinske ministeriet for religiøse spørsmål. I periodar møter sjefsdommaren i shariadomstolen som ministeriets representant.
Det er CRIHL som eig prosjektet, men det har sidan starten blitt finansiert av Utanriksdepartementet (UD), totalt 24 millionar kroner. I vår la Norad ut eit evalueringsanbod på Doffin. Kontrakten gjekk til konsulentselskapet Scanteam, som no har levert rapporten.
LES MEIR: Bakkevig prises for dialogarbeid
Kritikk
Her får dialogprosjektet og tilretteleggjar Trond Bakkevig hard kritikk:
• Svak organisasjonsstruktur.
• Mangel på ein klar strategi.
• Utilstrekkeleg prosjektplanlegging og risikoleiing.
• Avhengig av éin einskild tilretteleggjar, og fjernstyring av lokalt tilsette i sekretariatet i Jerusalem.
Avventar
I rapporten til Norad skriv Scanteam at prosjektet ber preg av «bortkasta innsats». Effekten av det vel to tiår lange arbeidet kunne blitt mykje større om planlegginga hadde vore betre, om strategien hadde vore tydelegare og om ein hadde drive systematisk rapportering.
– Vi har ingen kommentar til rapporten før vi har fått behandla han internt, og vi vil kommentere rapporten når vi presenterer han saman med Utanriksdepartementet over nyttår, seier generalsekretær Berit Hagen Agøy i Mellomkyrkjeleg Råd til Vårt Land.
Har varsla
Han som har stått i spissen for prosjektet sidan etableringa i 1995, prost Trond Bakkevig, og som har reist i skytteltrafikk mellom Norge og Israel og Palestina i vel 20 år, seier til avisa Dagen at kritikken treff:
- Stort sett tenkjer eg at dei treff ganske godt og mange av innvendingane er ting som eg har vore klar over.
Bakkevig melder at han «i alle år har varslet Utenriksdepartementet om vanskelighetene», og at MKR lenge har bede UD om å evaluere arbeidet til og effekten av Council of Religious Institutions of the Holy Land.
Framtid
Rapporten melder at prosjektet i hovudsak er styrt av éin person, Trond Bakkevig, og at han ikkje har noko særskilt mandat frå UD. Til Vårt Land seier Bakkevig at han har gjort mykje av arbeidet åleine.
– Kva tenkjer du om framtida til prosjektet, i lys av kritikken?
– Rådet har eit klart ønskje, det vil halde rådet og nettverket rundt levande, seier Bakkevig til Vårt Land.
Han meiner evalueringsrapporten overser eit viktig faktum: Den uoversiktlege politiske situasjonen i Israel og Palestina forklarar mangel på resultat.
LES MEIR: Skrev dagbok fra Jerusalem
Ros
Men Bakkevig understrekar at utan at religiøse leiarar støttar opp om prosessen, kan det ikkje bli fred i regionen. Evalueringsrapporten rosar då også det faktum at Council of Religious Institutions of the Holy Land framleis er ein røyndom, trass i at fredsprosessen har stoppa opp, trass i politiske hinder og væpna vald.
I ein epost til Vårt Land opplyser UD at «evalueringsprosessen ferdigstilles i januar» og då vil ein ta stilling til vidare finansiering av prosjektet.