Færre vigslar og attestar: Mot ny bryllaupstørke i Noreg i 2021

Etter kraftig nedgang i talet på bryllaup i fjor er det ikkje noko rush av gifteklare par som førebur seg på seremoni i år.

Publisert Sist oppdatert

Etter ein kraftig nedgang i talet på vigslar i fjor, då fleire måtte avlyse eller utsetje bryllaupet på grunn av koronaviruset, kunne ein kanskje vente seg ein opphoping av par som ville gifte seg i år, men førebels er det lite som tyder på ein bryllaupsboom til våren og sommaren. Snarare tvert imot.

Tal frå Skatteetaten, der alle par som skal gifte seg, må søkje om prøvingsattest først, viser ein førebels nedgang på 29 prosent i talet på søknader i perioden 1. januar til 14. mars i år, samanlikna med same perioden i fjor. Desse attestane er gyldige i fire månader.

Elin Schjellerud Imsland er avdelingsdirektør i Skatteetaten og leiar for Folkeregistret.

– Vi reknar med at ein god del av søknadene om prøvingsattest frå februar 2020 ikkje har enda opp med vigsel, og at fleire av desse kjem til å søkje på nytt etter kvart. Vi trur også at vi vil sjå ein auke i talet på søknader om prøvingsattest når det blir opna for å arrangere større selskap.

Viss ein ikkje får gjennomført bryllaupet før attesten går ut, må det søkjast på nytt om attest seinast fire veker før ny vigseldato.

Sit på gjerdet

Dei 16.200 vigslane i fjor, 19 prosent færre enn året før, er det lågaste talet på bryllaup på nesten 100 år.

Nedgangen i kyrkjebryllaup var på så mykje som 33 prosent og for utanlandsbryllaup var han på 34 prosent. Dei borgarlege vigslane hadde minst nedgang med eit fall på 6,4 prosent, medan andre trus- og livssynssamfunn hadde 12 prosents nedgang. Dette var òg det første året borgarlege vigslar utgjorde over halvparten av alle vigslar.

Det finst inga løpande oversikt over talet på borgarlege og kyrkjelege vigslar i Noreg. Ein sjekkrunde med bispedømma i landet viser at det kan liggje an til ny nedgang i bryllaupstala i Den norske kyrkja i år.

Jamt over er tendensen at det er færre i år enn normalt som bestiller vigslar. Mange av bestillingane er utsette vigslar frå i fjor. Mange planlagde bryllaup er allereie avlyste eller utsette i år, og det er ein klar tendens til at folk sikrar seg datoar i 2022 no. Det same seier Human-Etisk Forbund, som i eit normalt år har nærare 700 vigslar, men så langt har 550 planlagde for 2021.

– Samla sett vil eg tru året i år kjem til å likne meir på 2020 enn noko anna. Det er framleis ein god del som gjennomfører seremoniar innanfor dei rådande smitteverntiltaka, men ein heil del vel òg å utsetje seremonien til neste år, seier seremonirådgivar Eivind Eggen.

Endra fem gonger

I dei 16 kyrkjelydane i Trondheim var det per 20. mars berre gjennomført fire vigslar i år, medan 26 er utsette på ubestemd tid.

– Det er ein god del brudepar som ligg på vêret på grunn av smittevernrestriksjonar og avgrensingar. Det same gjeld for serveringsstader og festlokale som må rette seg etter dei same smittevernreglane og deltakargrensene, seier konsulent Rannveig Naustvoll i Kyrkjeleg fellesråd i Trondheim.

Det er planlagt 168 vigslar i Trondheim i 2021, men det kjem stadig nye inn, og det blir gjort endringar heile vegen.

– Sidan koronaen verkeleg kom den 12. mars i fjor, har vi hatt endringar og avbestillingar på over 181 vigslar, seier Naustvoll og fortel at rekorden er fem endringar av vigseltidspunkt for eitt brudepar.

Kapellan Arnfinn Eng i Ris sokn i Oslo seier denne store dagen i livet for det store fleirtalet handlar om heile pakken: At dei som betyr noko for paret, er med på seremonien og på feiringa ein vil ha etterpå.

– Så er det nokon som ønskjer å vere gifte og ikkje vil vente, og dei giftar seg uansett, medan andre er nøydde til å gifte seg, til dømes for å få opphaldsløyve, seier han.

Powered by Labrador CMS