Etterlyser damer på festivalane

Dette er forkynnarane på sommarens Sarons Dal-stemne. – Skuffande få kvinner, seier festivaldeltakar.

Desse skal tale i Sarons Dal i sommar (øverst frå venstre): Kjell Haltorp, Åge Aaleskjær, Frank Erlandsen, Svein Andersen, Øystein Gjerme, og Hans Martin Skagestad. Nederst frå venstre: Tomas Aaleskjær, Glenn Tønnesen, Bjørn Bergmann, Jens-Petter Jørgensen, Egil Svartdahl og Rune Edvardsen. Kai Johansen kjem saman med kona Stina når han skal tale på sommarstemnet (øverst til høgre), og Stephan Christiansen kjem saman med kona Anne. Elles er det ingen kvinner som skal forkynne på Sarons Dal sitt sommarstemne.
Publisert Sist oppdatert

«Kvinnene skal teia når forsamlinga kjem saman. Dei har ikkje lov til å tala», skriv Paulus i andre Korintarbrev i Nytestamentet.

Få kyrkjesamfunn i Norge legg vekt på desse orda, men fleire av sommarstemnene sine talelister inneheld likevel få kvinner.

– Det er skuffande. Heller ikkje i år tok Kristen-Norge tak i utfordringane med å sleppe til damene, seier Ingvild Ofte Arntsen.

Har talt. Den tidlegare ungdomsarbeidaren i pinsekyrkja Filadelfia Oslo har gjort ei grov oppteljing av kvinnelege frontfigurar på store stemner. I eit debattinnlegg i dagens avis utfordrar ho leiarar i Kristen-Norge til å ta grep.

LES OG DISKUTÈR: «2013 var heller ikke året hvor lederskapet i Kristen-Norge tok tak i utfordringen de står ovenfor», skriver Ingvild Ofte Arntsen i debattinnlegget «En sommer uten damer» på verdidebatt.

På lista til Ofte Arntsen er misjonsorganisasjonen Troens Bevis iSarons Dal kvinne-versting. Her er berre 2 av 16 talarar kvinner, og når desse skal tale så er det i tospann med sine ektemenn.

– Er kvinnene viktige på Sarons Dal sitt sommarstemne, leiar Rune Edvardsen?

– Dei er mødrer til alle som kjem på stemnet vårt, så det er klart dei er viktige.

– Dersom dei er viktige: Kvifor er det så få av dei på scena?

– Det er eit godt spørsmål. Årsaka er ikkje at dei er uønska. Vi ser etter kvinnelege talarar, og det var eit par av dei som glapp.

– Berre 2 av 16 er kvinner. Har de sett for dårleg etter?

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal svare på det. Vi hadde sett lyst på det dersom det var fleire kvinner i vår samanheng som talte.

For ungdom. Ingvild Ofte Arntsen synes også at sommarens største, kristne musikkfestival for ungdom, Skjærgårds Music & Mission Festival, gjer ein svak jobb. Her er ein av tre hovudtalarar kvinner og alle seminarhaldarane som er lansert er menn. Av dei som skal halde seminar er 11 menn og 6 kvinner.

– Festivalen rettar seg mot ungdom og er med på å forme framtidas leiarar i Kristen-Norge. Då burde festivalen løfte fram jentene, seier Ofte Arntsen.

Men festivalleiar Jarle Storebø gir seg sjølv følgjande attest:

– Det er topp at ein av våre tre talarar er kvinner. Når det er så få kvinnelege talarar å ta av, er dette akseptabelt.

Høge krav. I lesarinnlegget hevdar Ofte Arntsen at mange kvinner opplever at forventningane er større til dei enn til menn.

– Eg trur kvinner føler meir på dette enn det er reelt. Jenter kan setje sinnsjukt høge krav til seg sjølv, og set seg slik utanfor, medan gutar meir hoppar i det.

– Korleis kan dykkar festival gi rom til for å dyrke fram kvinnelege leiarar og talarar?

– Vi vil halde fram med å speide etter kvinnelege talarar. Og så treng vi stemmer som Ofte Arntsen som set søkelys på dette og heier fram jenter.

Automatisk. Torbjørg Oline Nyli, fungerande dagleg leiar i Misjonsforbundet UNG, er blant talarane på sommarstemnet Liv & Vekst. På stemnet er halvparten av talarane og tre av fire bibeltimehaldarar er kvinner.

– Var det vanskeleg å få til?

– Absolutt ikkje. Vi har ikkje sett etter kvinner, det har skjedd automatisk.

– Har de like mange kvinner i leiarposisjonar sidan dette har gått lett?

– Nei, men vi har mange av dei.

– På seminara dykkar er tre av ni kvinner?

– Her burde vi kanskje tenkt på å spørje fleire kvinner. Vi har gått etter personar som har peiling på dei tema vi skal ha, og då har det blitt slik.

Har fått trening. I Kristen-Norge synes Nyli at fleire av dei beste talarane er menn.

– Kvifor er det slik?

– Ofte kan menn ha dårlege talar i byrjinga, men så får dei rom til å halde på og har ei formidabel læringskurve. Kvinner og må bli gitt moglegheita, og vi er meir avhengig av oppmuntring enn menn. Difor må vi heie ekstra på kvinnene.

Sjølv har ho vore aktiv i mange forskjellige kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar, og har opplevd at det er godt å vere dame i Ungdom i Oppdrag og Misjonsforbundet. Ho opplever det som verst å vere dame i pinsekarismatiske samanhengar. Då ho ville bli pastor fekk ho spørsmål om kven ho skulle gifte seg med for å få det til.

– Det var implisitt at det måtte skje gjennom å bli pastorkone, seier Nyli.

«Menn best eigna». Mange meiner også at kyrkja er meir tilpassa kvinner, og det er mange stader ei overvekt av damer i kristne miljø.

– Skulle ikkje dette gi god grobunn for kvinnelege leiarar og talarar,Ofte Arntsen?

– Det er litt paradoksalt. Men sjølv om bodskapen kan vere meir «feminin» enn «maskulin» så sender det eit signal at det er menn som serverer bodskapen. Det kommuniserer at dette eignar seg best for menn.

– Er det ikkje kvinner sjølv sitt ansvar å forandre på kjønnsbalanse på talarstolen?

– Kvinner kan helt klart bli betre på å ta plass. Vi er ofte litt redde for å gjøre feil, og tek mindre sjansar. Likevel er det ei utfordring til leiarane å leite etter jenter som har ønske og potensiale, seier Ofte Arntsen.

Powered by Labrador CMS