Erna Solberg råda ektemannen til å skaffa seg advokat
AKSJER: Erna Solberg oppmoda Sindre Finnes om å søka hjelp hjå advokat og PR-rådgjevar. Men ho vil ikkje velja mellom partiet og ektemannen.

– Eg har vore saman med Sindre og oppmoda han både til å skaffa seg advokat og litt hjelp til å skriva og svara på spørsmål frå media. Det er nesten umogleg å vera åleine om å svara på saker når du får så stort mediepress.
Det seier Erna Solberg til Vårt Land. Fredag sist veke offentleggjorde ho at ektemannen Sindre Finnes har gjort minst 3.600 aksjehandlar medan ho var statsminister. Finnes skal ha handla lagt meir enn Solberg var klar over, og ho skal ha vore inhabil i saker ho har behandla som statsminister.
No fortel Erna Solberg at ho sjølv har bede ektemannen søka hjelp til å handtera medietrykket.
– Det er unaturleg at Høgre skal jobba for Sindre i ein slik samanheng. Det må han ha med seg folk for å gjera.
Denne veka vart det klart at advokat Thomas Skjelbred frå Elden Advokatfirma bistår Sindre Finnes. I tillegg får Finnes hjelp av PR-rådgjevar Geir Håkonsund.
Erna Solberg seier til Vårt Land at det er Finnes sjølv som betalar for advokat.
Se hele intervjuet Vårt Land gjorde med Erna Solberg under.
(Erlend Berge)
For meg er spørsmålet: Har dei tillit til meg? Då må dei ta meg slik som eg måtte vera, også med den ektefellen eg måtte ha
Erna Solberg
Meiner Høgre ikkje kunne hjelpa med aksjelista
Fredag 8. september bad Erna Solberg ektemannen om å laga ei oversikt over aksjehandlar frå perioden ho var statsminister. Det skjedde etter at ho vart kontakta av E24, som viste til aksjehandlar som til då skulle ha vore ukjende for henne.
– Når du ber Finnes laga den lista, så har du ei dårleg kjensle, du veit ikkje om du kan stola på han. Kvifor får han då ansvar åleine med å laga denne oversikta?
– Fordi det er hans data, hans bankkontaktar. Det er han som må henta dette ut.
– Fekk Sindre Finnes noko tidsfrist på å laga lista?
– Nei. Det viktigaste for meg var at han måtte laga ei heil og full liste, svarer Solberg.
Ho seier at Finnes leverte inn informasjon som hennar medarbeidarar i Høgre hjelpte å setta saman til ei leseleg oversikt. Ifølge tidslinja til Høgre skjer dette onsdag 13. september, to dagar etter valet.
– Kvifor vurderer du ikkje at Høgre kan hjelpe til med å laga lista, for å få den raskare på bordet?
– Det er han som må henta ut data. Det ville vore unaturleg at Høgre skulle fungera som eit sekretariat eller hjelparar for min mann. Det er ikkje sånn det fungerer. Han må levera det som me har bedd om.

Meiner Finnes må svara det som er riktig for han
Advokaten til Sindre Finnes, Thomas Skjelbred, har sagt det vil vera ein fordel om Økokrim opnar etterforsking i saka. Han seier han trygg på at ei etterforsking vil visa at dette er ein politisk sak og ikkje ein juridisk sak.
Erna Solberg vil ikkje kommentera om saka bør etterforskast eller ikkje.
– No er du i ein situasjon der din ektemann har eigen advokat og pressetalsmann. Står de to litt på kvar dykkar side i denne saka no?
– Nei det opplever eg ikkje. Men det er forskjell på kva svar eg som leiar i Høgre gjev, og kva han skal svara for, seier Solberg.
Ho seier om ektemannen Sindre Finnes:
– Det er viktig at det ikkje blir oppfatta som at han skal svara det som er bekvemt for meg. Han må svara det som er riktig for han. Så må eg svara det som eg meiner er riktig for meg.
Det ville vore unaturleg at Høgre skulle fungera som eit sekretariat eller hjelparar for min mann
Erna Solberg
Eit spørsmål om tillit
Fleire har diskutert om Erna Solberg må velja mellom ektemannen og politikken.
Mellom dei er Elin Ørjasæter og Nils August Andresen, som problematiserer om Solberg kan både vera statsminister og leva saman med mannen som ho seier har handla aksjar bak hennar rygg.
– Kva gjer det med deg å høyra slike diskusjonar?
– Det er sjølvsagt vanskeleg. Men om eg kan vere leiar i Høgre og statsminister framover, dreier seg om tillita partiet og veljarane kan ha til meg. Det er ikkje noko som blir avgjort i ei flammeheit medieveke med vanskelege spørsmål.

Ho seier ho er oppteken å ta langsiktig viktige avgjerder når ho har ro til å sjå konsekvensane over tid. Ho legg til:
– For meg er spørsmålet: Har dei tillit til meg? Då må dei ta meg slik som eg måtte vera, også med den ektefellen eg måtte ha.
– Aksepterer du eit premiss om at du må velja mellom partiet og ektemannen?
– Me er ikkje der i det heile teke no.
Intervju-maraton for Solberg
Erna Solberg møter Vårt Land torsdag ettermiddag på Høgres Hus i Oslo. Dagen har vore ein intervju-maraton for Høgre-leiaren.
I løpet av dagen blir ho intervjua av 14 redaksjonar, før ho reiser til Marienlyst for å vera med på NRK-sendingane «Dagsrevyen» og «Debatten».
– Akkurat no er eg sjølvsagt litt sliten av å gje intervju. Men eg synest det er greitt å svara ut dei spørsmåla som kjem, seier Solberg.
Ho seier ho fryktar aksjesaka saman med andre habilitetssaker kan svekka tilliten til politikarar. Men så legg ho til:
– Det er ikkje sikkert det aukar tillita at politikarar går kvar gong dei har gjort ting som er gale. Det kan godt tenkast at det er andre måtar å jobba med tillit på. Å visa seg tilliten verdig over tid.
– Om du må gå, har du drøfta din etterfølgar med andre i Høgre?
Erna Solberg smiler.
– Nei. Og me har mange flinke folk som kan bli leiarar i Høgre. Eg er glad me har mange talent som er moglege nye leiarar i Høgre.