Én av fire finnar fryktar Russland

Russland blir utvida på Krim. Russland flyttar 3.000 soldatar til grensa mot Finland. 
Fem finske eks-forsvarsministrar vil ha landet inn i NATO.

I september 2013 møtte Finlands president, Sauli Niinisto, president Vladimir Putin i Russland. Til nå har Finland stått utenfor NATO, men 
fem eks-forsvarsministrar vil ha landet inn i forsvarsalliansen.
Publisert Sist oppdatert

Russlands annektering av Krim skræmer dei tre tidlegare sovjetstatane Estland, Latvia og Litauen, og vekkjer opp NATO-debatten i dei to nordiske landa som står utanfor forsvarsalliansen, Finland og Sverige.

– Takk Gud for at vi er medlemmer i NATO, lydde hjartesukket frå Litauens president Dalia Grybaiskaite då Moskva innlemma krim i den russiske føderasjonen.

No sender USA kampfly til NATO-statane i Baltikum for å patruljere luftrommet langs Russlands vestgrense.

Redd Russland. Samstundes med at Ukrainas president, Viktor Janukovitsj, blei avsett av folket i slutten av februar, blei finnane spurde om dei vil ha nasjonen inn i NATO, for å ha ein forsvarsallianse i ryggen.

18 prosent sa ja. 64 prosent sa nei.

Samstundes som russiske soldatar storma ukrainske militærbasar på Krim, og Moskva formaliserte innlemminga av Krim i den russiske føderasjonen, blei finnane spurde:­
 Er de redde for Russland vil true Finlands tryggleik i framtida?

24 prosent sa faren er stor og svært stor. 75 prosent sa at faren er låg.

– Hugs, vi finnar har levd med Russland som nabo svært lenge, forklarar Suominen.

Men framskotne finske politikarar tek no til ordet for at landet må ta steget inn i NATO.

– Dersom huset mitt brenn, tenkjer eg på ei forsikring på to bokstavar: If. Om stridsvognene til naboen i aust rører på seg, tenkjer eg på fire bokstavar, skriv Finlands forsvarsminister fram til 2012, Stefan Wallin, på Twitter.

Krev innmelding. Wallin og fire andre eks-forsvarsministrar frå Svenska folkpartiet seier i eit opprop at NATO har utvikla seg mykje sidan den kalde krigens dagar, og at Finland i dag samarbeider med NATO i fleire operasjonar. Men om samarbeidet er tett, minner dei fem finske eks-statsrådane opinionen om at utan medlemsskap i forsvarsalliansen kan ikkje Finland rekne med at NATO kjem landet til unnsetning i tilfelle krig eller krise.

Sett frå Norge bør heile Norden samlast i NATO:

– Eg vonar Finland og Sverige går inn i NATO. Dei vil bli helsa velkomne med opne armar av Norge og alliansen, sa forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) på ein pressekonferanse i Helsinki 7. mars. Saman med Sveriges forsvarsminister vitja ho Finlands forsvarsminister for å drøfte nordisk samarbeid.

Soldatar til grensa. Russiske medier og finske melder at i løpet av 2014 skal Russland opne opp ein nedlagt base på Kola, som ligg 50 kilometer frå grensa til Finland. Samstundes skal 3.000 russiske soldatar flyttast til grenseområdet. Av dei sju landa langs Russlands vestgrense, er det Finland som har lengst felles grense, 1.340 kilometer.

General Gustav Hägglund er ikkje skræmt av Russlands oppførsel langs vestgrensa. Annekteringa av Krim gjer ikkje Finlands pensjonerte forsvarssjef søvnlaus:

– Dei vil ikkje våge å kome hit. Dei veit at dei får ein blodig nase. Det er ei hard nøtt å knekkje, dette Finland.

Analysen leverte han på frukost-TV i statskanalen YLE. Generalen kjenner godt til siste krig mellom Finland og Russland. Faren var kommandant i Karelen under andre verdskrigen, og familien kjem frå byen Viipuri – eller Viborg – som blei att på russisk side etter fredsslutninga i 1944.

Innmelding utsett. Sjølv om sterke politiske krefter meiner Finland bør avslutte åleinevandringa, er statsminister Jyrki Katainen frå det konservative Samlingspartiet ikkje budd på å vise veg inn i NATO, enno.

– Finland er ikkje nøytralt. Vi har vore medlem av EU i 20 år. Vi held døra til NAT0 open, og dette hindrar oss ikkje frå å ha svært gode bilaterale relasjonar med Russland, er regjeringssjefen analyse ifølgje Defensenews.com.

Politisk redaktør Anne Suominen i statskanalen YLE seier til Vårt Land at NATO-medlemsskap er eit ikkje-spørsmål for den sitjande regjeringa.

– I Finland legg ikkje sitjande regjeringar fram forslag om NATO-medlemsskap under internasjonale tryggingspolitiske kriser.

– Ordskifta om NATO-medlemsskap har vore mange sidan den kalde krigen enda – når trur du Finland blir medlem?

– Ikkje i denne regjeringsperioden, og heller ikkje i den neste, meiner Suominen.

Powered by Labrador CMS