Éin av tre veit ikkje kva EØS-avtalen inneber
– Eit stort demokratisk problem, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

I Vårt Lands meiningsmåling kjem det fram at ein tredel av dei spurte ikkje veit kva EØS-avtalen går ut på.
– Det er absolutt eit stort demokratisk problem, og det er difor vi treng ein debatt om avtalen, seier leiar for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.
– Det er ei kjempeutfordring. EØS-avtalen er ein av dei viktigaste avtalene Noreg har, seier generalsekretær i Europabevegelsen, Frode Nergaard Fjeldstad.
Kunnskapsmangel = motstand. Utdanningsnivå spelar ei stor rolle for kunnskapen nordmenn har om EØS. Åtte av ti av dei spurte med fire år eller lengre høgare utdanning svarte at dei veit kva avtalen går ut på. Fire av ti med grunnskuleutdanning svarte det same. Undersøkinga viser også at det er store skilnader mellom menn og kvinner. 72 prosent av mennene hevdar å vite kva EØS-avtalen går ut på. Berre 53 prosent av kvinnene gjer det same. Og der dei veit minst om avtalen er motstanden størst: Fire av ti i Nord-Noreg veit ikkje kva EØS-avtalen går ut på, likevel vil éin av fire seie han opp.
– For lite diskusjon. Ifølgje Fjeldstad er det store manglar i grunnskuleundervisninga om EU og EØS.
– Elevar i Belgia lærer meir om EØS-avtalen enn norske elevar lærer om EU, hevdar han.
Jan Olav Andersen, leiar for styringsgruppa i prosjektet «Alternativer til dagens EØS-avtale», tykkjer ikkje det er rart at mange manglar kunnskap om EØS-avtalen.
– Det har ikkje vore diskusjonar om avtalen dei 20 åra ho har eksistert. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Andersen, som 6. mars legg fram prosjektet si utgreiing om alternativ til EØS-avtalen.
– Kunnskap er viktig for å få ein opplyst debatt, påpeikar han.