Eigarane av atomkraftverket: – Ei fare ikkje berre for regionen, men for heile verda

UKRAINA: Natt til fredag gjekk russiske styrkar til angrep på Europas største kjernekraftverk. På Telegram og Facebook gjev energiselskapet som eig krafverket, Energoatom, si skildring av situasjonen.

Zaporizjzja atomkraftverk i Enerhodar sør i Ukraina. Bildet ble tatt 20. oktober 2015. Foto: AP / NTB
OKKUPERT: Zaporizjzja-kraftverket (ZNPP), som ligg i den vesle byen Energodar søraust i Ukraina, vart angripe av russiske styrkar natt til fredag, og er no okkupert.
Publisert Sist oppdatert

I ein lengre post på det sosiale mediet Telegram publiserte energiselskapet Energoatom fredag føremiddag si skildring av situasjonen ved Europas største kjernekraftverk.

Zaporizjzja-kraftverket (ZNPP), som ligg i den vesle byen Energodar søraust i Ukraina, vart angripe av russiske styrkar natt til fredag, og ei bygning i utkanten av sjølve kraftverksområdet vart sett i brann.

– Når atomterroristar som ikkje veit korleis dei skal handtere kjernefysisk materiale på ein sikker måte har teke kontroll over eit så teknisk komplekst anlegg som eit kjernekraftverk, så er det ein fare ikkje berre for regionen, men for heile verdas, heiter det i meldinga.

Ukraina
BLUSS: Et sterkt lysbluss ved Zaporizhzhia atomkraftverk i forbindelse med Russlands angrep i Enerhodar i Ukraina.

Stengde ned reaktorar

Ifølgje Energoatom si eiga skildring, storma om lag 100 russiske einingar med tung utstyr byen, og byrja å skyte mot kraftverket.

Det skal ha blitt registrert eit direkte treff mot reaktor 1, som skal ha vore ute av drift på grunn av reparasjonsarbeid. Eit treningskompleks for kraftverksarbeidarar vart fullstendig øydelagt. Ein periode skal også brannmenn ha blitt forhindra av dei russiske styrkane frå sløkke brannen i treningskomplekset.

På grunn av høg risiko for skade på anlegget, blei reaktor 2 og 3, som var nærast kamphandlingane, blei stengde ned og sett i ein kald, sikker tilstand.

Rundt halv fem fredag morgon tok dei russiske styrkane kontroll over administrasjonsbygninga på kraftverket.

Satellittbildet over viser kraftverksområdet ved ZNPP. Dei seks reaktorane ligg på rekke øvst og om lag midt i utsnittet. Det øydelagde treningssenteret er bygninga som er markert nedst i utsnittet.

Leiinga halde under våpen

Ifølgje energiselskapet si melding fekk dei stasjonstilsette halde fram med arbeidet sitt ved nitida på morgonen. Selskapet melder at det same skiftet då hadde vore på jobb i nesten eit døgn og var mentalt og fysisk slitne. Leiinga ved kraftverket vart halde under våpen, står det i meldinga.

Petro Kotin
SJEF: Petro Kotin er fungerande administrerande direktør i energiselskapet Energoatom, som eig kraftverket som natt til fredag vart angripe.

I tillegg til kjernefysisk materiale i reaktorane, skal de vere lagra om lag 150 behaldarar med brukt kjernebrensel ved anlegget. Fungerande administrerande direktør i selskapet, Petro Kotin, blir sitert i meldinga:

– Vi prøvar å overvake og kontrollere situasjonen ved ZNPP, spesielt med tanke på drifta av seks reaktorar og lagring av brukt kjernebrensel. Situasjonen er likevel ekstremt trugande og farleg. Krava til atom- og strålingstryggleik er brotne. Konsekvensane er vanskelege å seie på førehand. Umiddelbar intervensjon frå Det internasjonale atombyrået (IAEA) og medlemslanda i atomklubben er nødvendig.

Han kjem med ei dyster samanlikning:

– Under Tsjernobyl-katastrofen skjedde eksplosjonen ved ein reaktor. Ved Zaporizjzja-stasjonen er det seks av dei, så konsekvensane av angrepet og uprofesjonell handtering av reaktorane vil vere seks gongar meir katastrofale.

ATOMKRAFTVERK
ATOMKRAFTVERK: Ukraina får over halvparten av krafta si frå fire atomkraftverk.
Powered by Labrador CMS