Dube Qalo har brukt stemmeretten. ANC har styrt Sør-Afrika i 30 år, kan i dag miste makta.

Det første frie valet i den gamle apartheidnasjonen gjorde Nelson Mandela til den første svarte presidenten i 1994.

Mektige ANC har sidan 1994 vunne over 50 prosent i kvart val. I dag er Cyril Ramaphosa president. Han risikerer å tape dagens val.

28 av 42 millionar sørafrikanarar med stemmerett har registrert seg som veljarar. Fleire stile seg i kø ved soloppgang, som her i KwaMfana.

John Steenhuisen leiar det største opposisjonspartiet, Democratic Alliance (DA). Sør-Afrikas kvite minoritet på sju prosent utgjer framleis to tredelar av landets økonomiske elite.

Etter 30 år med ANC-styre utgjer svarte rundt to tredelar av landets middelklasse. Men arbeidsløysa har dei siste 15 åra stege frå 20 til 33 prosent.

Ved valet i dag kan sørafrikanarane velje mellom over 50 parti. På meiningsmålingane ligg ANC ann til å få rundt 40 prosent.

Sør-Afrika går mot usikker politisk framtid. 79 prosent av dei spurte i ei måling seier dei ikkje lenger stolar på landets politiske leiing. Berre 21 prosent sa det same ved valet i 2004.

Ekspresident Jacob Zuma er dømt for korrupsjon. Men hans nye parti uMkhonto weSizwe kan bli støtteparti for ANC og sikre Nelson Mandels gamle parti fem nye år ved makta.

Dube (69) har stemt. Nelson Mandelas parti kan miste makta i Sør-Afrika

Publisert Sist oppdatert


Powered by Labrador CMS