Drapet i pinseforsamlinga i Knutby blir krimroman, så TV-krimserie

Mediekonsernsjef skriv både romanen og TV-manuset.

REKONSTRUKSJON: Under rettssaka mot drapstiltalte Sara Svensson i juni 2004 blei drapet på Alexandra Fossmo rekonstruert i huset der ho budde og blei funnen drepen i januar 2004. Svenssom tilsto drapet og blei dømt til tvinga psykisk helsevern.
Publisert Sist oppdatert

For 15 år sidan plasserte eit drap den vesle svenske bygda Knutby på kartet. 10. januar 2004 blei Alexandra Fossmo (23) funnen drepen i heimen i Knutby, fire mil aust for Uppsala. Rett før hadde Daniel Linde (23) blitt funnen skoten og alvorleg såra i nabohuset.

Drepne Alexandra Fossmo var gift med pastor Helge Fossmo i Knutby Filadelfia, ei pinseforsamling der alle involverte i saka var medlem.

Toppleiar og forfattar

No blir det 15 år gamle dramaet til ein krimroman. Forfattar er Jonas Bonnier, som også er konsernsjef i det store svenske mediekonsernet Bonnier. Ved sidan av toppjobben skriv skriv Bonnier bøker. Hans førre bok handla om det spektakulære helikopterranet som fann stad i 2009 i Sverige.

LES MEIR: – Man skulle overvinne sykdom i Knutby

«Tragisk crescendo»

I pressemeldinga frå Albert Bonnier Forlag blir krimromanen Knutby presentert slik:

«Sommaren 1997 flyttar Forsman till Knutby i Uppland, budde til å byrje eit nytt liv i Filadelfia-forsamlinga som leds av Eva Skoog. I løpet av knapt sju år skal eit fåtal personar og familiar bli vevde saman i eit øydeleggjande nett av erotiske maktband som munnar ut i eit tragisk crescendo.»

Jonas Bonnier ønskjer ikkje å kommentere romanen som kjem ut i Sverige i oktober. Men han fortel avisa Dagen at hendingane i boka strekkjer seg fram til tida etter drapet i januar 2004.

LES MEIR: Vil ta ut tiltale mot «Kristi brud»

Blir TV-serie

Parallelt med sluttføringa av krimromanen Knutby har arbeidet med ein TV-serie byrja. Han skal tuftast på romanen og det er Jonas Bonnier som skriv manuset til dei seks episodane.

Produksjonsselskapet B-Reel Films har kjøpt TV-rettane og administrerande direktør Pelle Nilsson fortel Expressen at dei planlegg å starte innspelinga av Knutby-krimserien i 2020.

Powered by Labrador CMS