Direktoratet for strålevern: – Det kan koma nye brannar

ATOMKRAFT: I natt stod Europas største kjernekraftanlegg i brann. Direktorat for strålevern åtvarer om at det kan skje igjen. Det er tre andre kjernekraftverk i ukrainsk-kontrollerte område.

Ukraina
BLUSS: Et sterkt lysbluss ved Zaporizhzhia atomkraftverk i forbindelse med Russlands angrep i Enerhodar i Ukraina.
Publisert Sist oppdatert

I natt oppstod brann i kjernekraftverket Zaporizjzja i den ukrainske byen Enerhodar etter angrep frå russiske styrker. Brannmannskap som kom for å slokka brannen, vart skotne på.

Brannen er no slokka. Ifølgje Reuters har no Russland kontroll over anlegget.

– Det er ein veldig alvorleg situasjon. Dette er Europas største kjernekraftverk med seks reaktorar. I verste fall, om det kjem skader på sjølve reaktoren og ein ikkje får kjølt den ned, kan det bli nedsmelting av reaktorkjernen og utslepp i elva.

Det seier Øyvind Selnæs, seksjonssjef i Direktoratet for Strålevern og atomsikkerhet. Direktoratet har sett ned stab i natt og følgjer situasjonen.

Statsminister Jonas Gahr Støre seier til NRK at «det er på linje med galskap å angripa på denne måten».

Fire aktive anlegg

Sjølv om brannen er sløkt, åtvarar Selnæs mot at det kan koma nye brannar.

– Med kamphandlingar kan det skje nye brannar. Blir det kamphandlingar i nærleiken av kjernekraftverk, ser me alvorleg på det. Desse anlegga er bygd i fredstid. Dei er ikkje bygd for krigshandlingar, seier Øyvind Selnæs.

Han opplyser at Ukraina har tre atomkraftverk i tillegg til Zaporizjzja.

To av desse anlegga, Rivne og Khmeinytskyi, ligg i vestlege Ukraina. Dette er område som til no har unngått kampene mot Russland, som har invadert fra aust, nord og sør.

Ukraina
KRAFTVERK: I Ukraina er det fire store atomkraftverk i drift, i tillegg til to mindre forskingsreaktorar i Sevastopol og Kharkov.

Det siste atomkraftverket, Sør Ukraina atomkraftverk, ligg i byen Yuzhnoukrainsk i sørlege Ukraina. Det har vore kampar 30 kilometer unna Yuzhnoukrainsk, meldte Reuters i går.

Byen Yuzhnoukrainsk ligg ein sju timars køyretur frå Zaporizjzja, der det i natt brann i atomanlegget.

Vinden bles mot aust

Det internasjonale atomenergibyrået IAEA seier dei har vore i kontakt med ukrainske styresmakter som seier det ikkje er målt auka nivå av radioaktivitet etter brannen i kraftverket.

Ukraina
VED HAVET: 4.mars bombet Russland nærme verdens største atomkraftverk, Zaporizhzhia. Russerne forsøker blant annet å fjerne ukrainernes tilgang til hav.

Øyvind Selnæs, seksjonssjef i Direktoratet for Strålevern og atomsikkerhet peiker på at Noreg har ein heldig vêrsituasjon:

– No bles vinden vekk frå Noreg og kjem til å gjera det ei stund. No bles vinden aust mot Russland.


Powered by Labrador CMS