Dataangrep mot Schibsted-aviser
Fleire Schibsted-aviser opplever torsdag kveld at dei blir utsette for dataangrep. Både Aftenposten, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad har problem.
Det er Aftenposten og TV 2 som melde om angrepet ved 18.40-tida torsdag kveld.
Tidlegare torsdag ettermiddag vart det kjent at også politiet, PST og annonseplassen Finn opplevde dataproblem.
– Vi har eit team på saka. Vi jobbar ut frå hypotese om at det er Ddos-angrep, seier pressevakt Adéle Cappelen Blystad i Finn til Aftenposten.
Eit Ddos-angrep (Distributed Denial of Service), eller såkalla tenestenektangrep, går ut på at nettsidene blir overbelasta av trafikk og dermed stengjer vanlege brukarar ute frå sida.