Byter ut ordførarklubba med soknerådet

KYRKJEVAL: Etter åtte år som Ap-ordførar er Robin Martin Kåss vald inn i sokneråd i Porsgrunn.

Porsgrunn 20190227.Kronprins Haakon besøker barn og unge i Porsgrunn kommune. Her ønskes han velkommen av byens ordfører Robin Martin Kåss.Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
GLEDE: Avtroppande Ap-ordførar Robin Martin Kåss kan gle seg over 808 stemmer i kyrkjevalet.
Publisert Sist oppdatert

– Eg synest det er veldig hyggeleg. Det er flott å få tilliten frå dei andre i kyrkjelyden.

Det seier Robin Martin Kåss til Vårt Land. Etter åtte år som ordførar i Porsgrunn tek han no farvel med lokalpolitikken.

På veg ut av politikken får han ei hyggeleg oppmuntring: Han fekk 808 stemmer i kyrkjevalet, og kjem såleis inn i soknerådet i Eidanger i Porsgrunn. Han vart vald inn på Nominasjonskomiteens liste, og fekk flest stemmer av alle.

– Eg hadde ikkje tenkt tanken på å stilla til kyrkjevalet før eg blei spurt. Då tanken modna, såg eg kor viktig kyrkja er for oss som er medlemmer i kyrkjelyden.

Jobba for skulegudsteneste

Robin Martin Kåss har vore ordførar i Porsgrunn sidan 2015, og seier kyrkja har vore viktig for han som politikar.

– Noko av det eg jobba med som ordførar, var å få gjeninnført skulegudsteneste og knyta arbeidet til kyrkja og kommunen tettare saman. Dessutan var eg statssekretær då Noreg vart ramma av terroren 22. juli 2011. Då såg eg kor viktig kyrkja var som samlingsstad for mange.

Han fortel at han fekk eit nært forhold til kyrkja då han studerte i utlandet. Då vart Sjømannskyrkja i Liverpool viktig.

– Det engasjementet for kyrkja har vara ved sidan eg var student.

Skal bli klinikksjef

I kommunevalet enda Ap opp med 24,5 prosent i Porsgrunn. Kåss har til VG omtala resultata frå dei tre kommunane i Grenlandsregionen som «katastrofeval».

– Partiet må ta lærdom. Det er tydeleg beskjed frå veljarane, seier Kåss til Vårt Land.

Det er enno uklart kven som får fleirtal i bykommunen.

Kåss skal halda fram som medlem i Ap, men kjem ikkje til å ha toppverv, seier han. No skal han over i ein ny «sivil» jobb, som klinikksjef ved Sjukehuset i Telemark. Kåss er utdanna lege.

Powered by Labrador CMS